Vistnestunet: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
(5 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 17: Linje 17:
| postnr        =  
| postnr        =  
}}
}}
'''Vistnestunet''' ligg på garden [[Vistnes]] i [[Randaberg]] kommune. Det var Artur Vistnes som i [[1967]] gav husa på bruk nr. 7 til [[Randaberg Bygdemuseum]]. Vistnestunet er no museum og besøksgard med dyr.  
<onlyinclude>'''[[Vistnestunet]]''' ligg på garden [[Vistnes]] i [[Randaberg kommune]]. Det var Artur Vistnes som i [[1967]] gav husa på bruk nr. 7 til [[Randaberg Bygdemuseum]]. Vistnestunet er no museum og besøksgard med dyr, og er organisert som ein avdeling av [[Jærmuseet]].


Bruk nr. 7 blei skilt ut i [[1871]]. Våningshus og løe vart bygt i åra 1874-76, eldhuset noko seinare. Våningshuset, eller "heimahuset" som er den lokale nemninga, og løa ligg parallelt med gavlane mot nordvest og søraust. [[Eldhus]]et fyller ut opninga mellom desse husa mot sør. Tunet er dermed godt skjerma mot vinden som tek hardt i det flate jærlandskapet.  
Bruk nr. 7 blei skilt ut i [[1871]]. Våningshus og løe vart bygt i åra 1874-76, eldhuset noko seinare. Våningshuset, eller "heimahuset" som er den lokale nemninga, og løa ligg parallelt med gavlane mot nordvest og søraust. [[Eldhus]]et fyller ut opninga mellom desse husa mot sør. Tunet er dermed godt skjerma mot vinden som tek hardt i det flate jærlandskapet.</onlyinclude>


Våningshuset består av to samanbygde hus, [[stove]] og [[bu]], med kjøkken og gang i mellom. Begge gavlane har skut, eit tilbygg som særleg blei brukt til lagring av torv til brensel. Den [[grindbygd]]e løa inneheld fjøs, stall, hevdahus, landkum, do, låve og reiskapshus. Ho blei forlenga mot nord i 1930-åra. Løa har ein ytre vegg av murt stein i gavlen mot sør for å skjerma bygningen mot ver og vind. Eldhuset blei nytta mellom anna til oppvarming av vatn, baking, arbeid med slakt og røyking av sild. Til bruket høyrde også eit naust i Vistnesvågen.
Våningshuset består av to samanbygde hus, [[stove]] og [[bu]], med kjøkken og gang i mellom. Begge gavlane har skut, eit tilbygg som særleg blei brukt til lagring av torv til brensel. Den [[grindbygd]]e løa inneheld fjøs, stall, hevdahus, landkum, do, låve og reiskapshus. Ho blei forlenga mot nord i 1930-åra. Løa har ein ytre vegg av murt stein i gavlen mot sør for å skjerma bygningen mot ver og vind. Eldhuset blei nytta mellom anna til oppvarming av vatn, baking, arbeid med slakt og røyking av sild. Til bruket høyrde også eit naust i Vistnesvågen.
Linje 28: Linje 28:
*Vistnestunet i Randaberg. I: ''Frá haug ok heiðni''. Nr 3. 1988
*Vistnestunet i Randaberg. I: ''Frá haug ok heiðni''. Nr 3. 1988


[[Kategori:Garder i Randaberg kommune]]
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Randaberg kommune]]
[[Kategori:Friluftsmuseer]]
[[Kategori:Museer]]
[[Kategori:Jærmuseet]]
{{F1}}{{nn}}

Nåværende revisjon fra 11. jan. 2017 kl. 12:12

Vistnestunet
Først nevnt: 1871 (utskilt)
Sted: Vistnes
Fylke: Rogaland fylke
Kommune: Randaberg
Gnr.: 57
Bnr: 7
Type: Museums- og besøksgard

Vistnestunet ligg på garden Vistnes i Randaberg kommune. Det var Artur Vistnes som i 1967 gav husa på bruk nr. 7 til Randaberg Bygdemuseum. Vistnestunet er no museum og besøksgard med dyr, og er organisert som ein avdeling av Jærmuseet.

Bruk nr. 7 blei skilt ut i 1871. Våningshus og løe vart bygt i åra 1874-76, eldhuset noko seinare. Våningshuset, eller "heimahuset" som er den lokale nemninga, og løa ligg parallelt med gavlane mot nordvest og søraust. Eldhuset fyller ut opninga mellom desse husa mot sør. Tunet er dermed godt skjerma mot vinden som tek hardt i det flate jærlandskapet.

Våningshuset består av to samanbygde hus, stove og bu, med kjøkken og gang i mellom. Begge gavlane har skut, eit tilbygg som særleg blei brukt til lagring av torv til brensel. Den grindbygde løa inneheld fjøs, stall, hevdahus, landkum, do, låve og reiskapshus. Ho blei forlenga mot nord i 1930-åra. Løa har ein ytre vegg av murt stein i gavlen mot sør for å skjerma bygningen mot ver og vind. Eldhuset blei nytta mellom anna til oppvarming av vatn, baking, arbeid med slakt og røyking av sild. Til bruket høyrde også eit naust i Vistnesvågen.

Litteratur

  • Lindanger, Birger: Randaberg. B. 2: Gard og ætt. Randaberg kommune, 1984
  • Måseidvåg, Torunn: Rapport frå registrering av jærhus i kommunane Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Klepp, Time, Gjesdal, Hå. Rogaland fylkeskommune med fleire, utan år.
  • Vistnestunet i Randaberg. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 1988