Wilhelm Kvalheim: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:

== Teiknelæraren ==
== Teiknelæraren ==
Kvalheim fortel at han gjennom sin karriere som teiknelærar har undervist i «ca. 36» klassar. Han har altså kunne påverke ein stor flokk norske folkeskulelærarar. Etter omtalar å dømme må han ha vore ein inspirerande lærar. [[Rektor Olav Kårstad]] omtalar dette i ein nekrolog (Møre 14.12.1950). Han skriv at frå det at teikning var eit fag der elevane for det meste kopierte plansjar, får nå elevane «---utløysing for givnadene i forming og fargelegging. Kvalheim høyrde til dei som førebudde denne overgangen. --- han braut med den gamle kopieringa og inspirerte elevane til å leggja i veg både med akvarellmåling og oljemåling».  
{{thumb|Kvalheim1.jpg|Wilhelm Kvalheim: Gardstun i Volda, 1943|Narve F. Birkeland}}Kvalheim fortel at han gjennom sin karriere som teiknelærar har undervist i «ca. 36» klassar. Han har altså kunne påverke ein stor flokk norske folkeskulelærarar. Etter omtalar å dømme må han ha vore ein inspirerande lærar. [[Rektor Olav Kårstad]] omtalar dette i ein nekrolog (Møre 14.12.1950). Han skriv at frå det at teikning var eit fag der elevane for det meste kopierte plansjar, får nå elevane «---utløysing for givnadene i forming og fargelegging. Kvalheim høyrde til dei som førebudde denne overgangen. --- han braut med den gamle kopieringa og inspirerte elevane til å leggja i veg både med akvarellmåling og oljemåling».  

For å fremje ei ny forståing av faget teikning i folkeskulen, brukte Kvalheim mykje tid som kurshaldar om teikning for lærarar, «nær sagt over heile landet» (Kårstad). Og Kårstad spår at med Kvalheim som lærar « --- vart ikkje steget langt til den heile frigjeringa som sermerker faget i dag».

Linje 12: Linje 12:

== Kvalheim som kunstnar.  Kvalheim i lokalmiljøet ==
== Kvalheim som kunstnar.  Kvalheim i lokalmiljøet ==
Wilhelm Kvalheim var ein habil akvarellmalar, og mellom alle sine andre gjeremål fekk han tid til å dyrke sin eigen kunst. Produksjonen hans var stor gjennom alle år. Men han fortel at han som pensjonist « --- kasta (seg) over målarkunsten som aldri før». Særleg var landskapsbilde etterspurde. Gjennom åra vart det mange utstillingar. På ei utstilling i [[Aalesund Kunstforening]] i 1943, for eksempel, selde han 24 akvarellar, så det var nok mange heimar som hadde Kvalheim-akvarellar  i stovene (Madssen). At  Kvalheim fekk godtkjent eit bilde til Statens haustutstilling i 1930, fortel noko om nivået.  
{{thumb|Kvalheim2.jpg|Wilhelm Kvalheim: Gamle Volda lærarskule, 1917|Narve F. Birkeland}}Wilhelm Kvalheim var ein habil akvarellmalar, og mellom alle sine andre gjeremål fekk han tid til å dyrke sin eigen kunst. Produksjonen hans var stor gjennom alle år. Men han fortel at han som pensjonist « --- kasta (seg) over målarkunsten som aldri før». Særleg var landskapsbilde etterspurde. Gjennom åra vart det mange utstillingar. På ei utstilling i [[Aalesund Kunstforening]] i 1943, for eksempel, selde han 24 akvarellar, så det var nok mange heimar som hadde Kvalheim-akvarellar  i stovene (Madssen). At  Kvalheim fekk godtkjent eit bilde til Statens haustutstilling i 1930, fortel noko om nivået.  

I tillegg til å vere utøvande kunstnar, var Kvalheim også svært aktiv med kurs i akvarellmaling. I sitt næraste område hadde han også overskot til å delta i organisert arbeid for kunstformidling. Wilhelm Kvalheim var mellom stiftarane av Volda Kunstlag i 1937, og han var  medlem av styret frå starten og ein god del år framover. Kvalheim var fleire gonger utstillar i dette kunstlaget, og han figurerer på innkjøpslista i 1940 med akvarellen «Ekset» ([[Volda Kunstlag]], styreprotokoll).