Østlandsk ungdomsfylking

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 12:09 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Østlandsk ungdomsfylking var ei samanslutning av frilynte ungdomslag på det sørlege og sentrale Austlandet («flatbygdene»). Organisasjonen var i verksemd frå 1926 til 1932. Skipinga av Østlandsk ungdomsfylking blir ofte omtala som eit namnebyte og omorganisering av Østlandsk reisning. Østlandsk reisning var ein rein språkpolitisk organisasjon med tilslutning frå mange frilynte ungdomslag i regionen. Ungdomsfylkinga var ei samanslutning av bygdebaserte ungdomslag som gjekk inn for den same språkpolitikken som moderorganisasjonen, men da innafor eit breiare program for frilynt ungdomsarbeid.

Ungdomsfylkinga var tenkt som ein større regional paraplyorganisasjon for lag som vegra seg mot Noregs ungdomslags tilslutning til den språkpolitiske linja til Noregs mållag. Den linja var etter «austlendingane» si meining for mykje innretta etter Ivar Aasens «vestlandske» landsmålsform. Ein av framgrunnsfigurane i Østlandsk reisning, Halvdan Koht, hadde i den nest føregåande perioden vore formann for eit reformvennleg styre i Noregs mållag, men var i 1925 blitt avløyst av eit meir høgnorskorientert styre.


Stiftinga av den nye ungdomsorganisasjonen skjedde på Østlandsk reisnings årsmøte på Hamar sommaren 1926. Eivind Berggrav og Diderik Arup Seip, som heile tida hadde stått i spissen for Østlandsk reisning, ville ikkje la seg velje inn i det nye styret. Halvdan Koht hadde trekt seg frå styret året før. At dei tidlegare framgrunnsfigurane trekte seg ut, var likevel neppe uttrykk for motstand mot den nye linja som låg i omorganiseringa. Iallfall skreiv Seip i eit attersyn følgjande om dette: «Det var naturlig at ungdommen omkring i lagene hadde ledelsen slik som arbeidet skulle legges an. Det var ikke lenger rimelig å bevare en organisasjon med rent språklig program.» Både Seip og Berggrav let seg dessutan velje inn i ei særskild språknemnd som vart nedsett på det fyrste styremøtet i ungdomsfylkinga.


Østlandsk reisning var danna rundt eit austlandsk folkemåls-orientert språkprogram, gjerne omtala som samnorsk. Ungdomsfylkinga overtok dette utan prinsipielle endringar, men utvida verkeområdet med programformuleringar som desse:

«Fri for særpolitiske formål skal ungdomslaga leve med i tida og drøfte det som er oppe i åndsliv, kultur- og samfunnsspørsmål,» og (laga skal vere med og gjere) «gode folkeminner og god bygdetradisjon til ei makt i oppvekstlivet.»

Ved stiftinga vart departementssekretær Alf Frydenberg, opphavleg frå Romedal vald til formann. Styret bestod elles Arne Næss, Brandval, for fylkeslaget Varden (Solør og Odal), lærar Lars Larsen, Ringerike, Axel Bjørnstad frå Romerike og Olav Aspeland frå Vestfold. Varamenn var Lars Storlien, Helge Refsum, Alf Omholt og Einar Hjelmsø.

Da Frydenberg skulle dra utanlands og trekte seg frå styret etter eit år, vart Lars Larsen vald til ny leiar. I 1928 vart han avløyst av lærar Håvard Skirbekk, Våler i Solør. Den siste leiaren i Østlandsk ungdomsfylking var Kristian Øverland (frå 1929), også han lærar, frå Borre i Vestfold.

Østlandsk ungdomsfylking var lite aktiv etter 1930. Det siste årsmøtet og stemna vart halde i Grue i Solør sommaren det året. Alf Frydenberg skreiv i 1970 følgjande om dei siste åra organisasjonen var i verksemd:

«Det vart periodevis gjort mye godt arbeid i desse åra og. Itte minst var årsmøta og stemna en stor stimulans. Men tidene var vanskelige, og økonomien vart stadig et større og større problem. Det var nok den som først og fremst tok knekken på Østlandsk ungdomsfylking, som på så mange verdifulle tiltak på den tid.»


Kjelder og litteratur

  • Frydenberg, Alf: «Østlandsk reisning», i Romerikstun, Årbok for Romerike historielag VII, 1970.
  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Østlandsk reisning 1916-1926. Forlaget Novus, Oslo 1974.
  • Jahr, Ernst Håkon: Østlandsmåla fram! : ei bok om rørsla Østlandsk reisning, Tromsø 1978.
  • Langeland, Asbjørn: «Østlandsk reisning – målsaka i de frilynte ungdomslaga på Østlandet» i Språknytt 4/2007, digitalisert utgåve på Språkrådets nettsider.
  • Seip, Didrik Arup: «Østlandsk reisning» i Årbok for Romerike Historielag III. 1958.