Åmotsdalsvegen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åmotsdalsvegen med Dyrlandsdalen bru og den gamle skulen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Åmotsdalsvegen i Seljord kommune går vestover frå Flatdalsvegen, gjennom Dyrlandsdalen og Åmotsdal til kommunegrensa mot Vinje der han møter vegen Drivarbekkdalen. Han er 22,3 kilometer lang.

Vegen har namn etter Åmotsdal og vart offisielt namnsett i 2005. Åmotsdalsvegen er ein del av fylkesveg 3422, tidlegare fv. 503.

Dyrlandsdalen bru

Åmotsdalsvegen i Åmotsdal sentrum.
Foto: Roy Olsen (2021).

Den gamle Dyrland bru, steinkvelvsbrua frå 1921 over Åmotsdalsåi, var blitt for smal etter dagens krav og hadde behov for utbetring eller utskifting. Det vart beslutta å byggje ny bru med endra vegkurvatur sør for den gamle. 3. oktober 2018 opna den nye, 42 meter lange Dyrlandsdalen bru for trafikk. Ansvaret for den gamle steinbrua vart overført til Seljord kommune.

Galleri

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Statens vegvesen: Detaljregulering for nye Dyrland bru - Planomtale Utg.3 2016
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.


Koordinater: 59.57025° N 8.54672° Ø