Åsjordvegen (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsjordvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2018).

ÅsjordvegenAkkerhaugen i Midt-Telemark kommune tar av frå Sauheradvegen og greiner seg ut i Åsjordfeltet som ligg under Vardeåsen.

Vegen har namn etter plassen, seinare gardsbruket Åsjordet (gnr. 159/1), og blei namnsett i 1999.

Åsjordfeltet ligg på Åsjordets grunn. Utskiljinga av tomter tok til i 1956–57. I 1970 kjøpte Sauherad kommune bnr. 62 frå bnr. 1 og laga eit regulert byggefelt.

Åsjordet var plass under Nordistugu Jongsås i 1815, og bustaden var visstnok ikkje så mykje eldre. Andres Torjusson (1788–1816) g. 1815 med Kari Sveinungsdtr. (1787–1822), var husmann på Åsjordet i 1815. Dei hadde ikkje barn. Etter at Kari blei enke, gifte ho seg i 1817 med Jon Sigurdsson frå Oppigard Jongsås. Åsjordet blei sjøleigarbruk da og fekk løpenr. 124, sidan gnr. 159/1.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad, Band III, Gardsnr. 44–74, Sauherad kommune 1985, s. 557, 565.


Koordinater: 59.39954° N 9.24423° Ø