Øen gamle skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Øen skulehus i Hyllestad kommune vart bygd mellom 1926 og 1928.
Skulehuset
Øen gamle skule er eit stort hus med tre etasjar. I underetasjen har det vore to undervisningsrom/arbeidsrom samt toalett for både gutar og jenter. I første høgda vart det halde skule i to store klasserom, og i andre høgda var det to bueiningar til lærarar.
Anna bruksområde
Hausten 1978 stod den nye skulen på Øen klar, og Øen gamle skule vart etter dette brukt blant anna til kurs, verkstader og øvingslokale.
Eit privat initativ for å setje i stand huset og gjere det om til eit kultur- og grendahus er sett i gong av ein tidlegare elev ved skulen, Sissel Hatløy.
Foto
- Øen Skule 1940. Dette er storskulen framfor skulehuset på Øen. Lærar var Fritjov Vik. Fotograf: ukjend Tilbydar: Bjarne Nordbø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Øen Skule 1940. Sykurs på Øen skule med lærar Solveig Kolgrov. Ein hund er også komen med. Kurset varde i nokre få veker. Fotograf: ukjend Tilbydar: Fredrik og Jenny Borsholm/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Øen Skule Fotograf: Bjarne Råsberg Tilbydar: Hyllestad kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Skuleborn på Øen skule 1951-1952. Me ser alle skuleborna oppstilte bak skulen saman med læraren. Dette var siste året som Vik var lærar i Øen skule. Fotograf: Kristoffer Salbu Tilbydar: Åse Tonning/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Elevar ved Øen skule omlag 1935. Lærar er Magnus Rye, han står bakerst i midten. Fotograf: Bjarne Råsberg Tilbydar: Hyllestad kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Eit rundskriv frå KUD om utvida opplæring (alternativ opplæring) vart lagt fram for Samarbeidsutvalet ved Øen skule av fungerande rektor Per Bygnes etter drøftingar med personalet. Det vart avgjort at skulen skulle fylgja opp rundskrivet med eit prosjekt: "Eg fann, eg fann", for heile skulen. Inndeling i fire gruppe, m.a. forming og teater. Ei av gruppene, saman med timelærar Torgrim Eide (snekker), møtte på ei strand i Øen for å finna spanande ting i fjæra. Tinga skulle nyttast til formingsprodukt av eitt eller anna slag. Fotograf: Per Bygnes Tilbydar: Per Bygnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Øen skule: Ekskursjon i heimstadlære til fiskehamna på Borsholm. Fotograf: Per Bygnes Tilbydar: Per Bygnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Heim og skule Nr. 1 Mars 1979