Øyfjell kyrkje
Øyfjell kyrkje | |
---|---|
Kyrkja sett frå sør. Foto: Chris Nyborg (2018).
| |
Stad: | Øyfjell i Vinje |
Byggeår: | 1833 |
Endringar: | Renovert 1964–1965. |
Kyrkjegard: | Øyfjell kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Agder og Telemark |
Prosti: | Vest-Telemark |
Prestegjeld: | Rauland |
Fellesråd: | Vinje |
Sokn: | Øyfjell sokn |
Arkitekt: | Hans Ditlev Franciscus von Linstow |
Materiale: | Tømmer |
Tårn: | I vest. |
Preikestol: | Av Per Snikkar. |
Orgel: | I. Starup & Søn, 1983. 4 stemmer. |
Sitteplassar: | 60 |
Øyfjell kyrkje er soknekyrkje for Øyfjell sokn i Vinje kommune. Kyrkja vart reist i 1833 etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Det er ei lita langkirke i tømmer; med berre 60 sitjeplassar er ho ei av dei minste soknekyrkjene i landet.
Tidlegare stod Øyfjell stavkyrkje på same tufta. Ho vart reven i 1826, og bygging av den nye kyrkja tok til. Det tok nokre år, og fyrst i 1833 kunne ho innviast. Ein veit ikkje kven som leia arbeidet, men det er kjend at Olav Sveinungsson Berge var med som tømrar. Det er uvisst om dei følgde von Linstow sine teikningar til punkt og prikke. Sjølve kyrkja, altså skip og kor, er nemleg heilt kvadratisk. Dette skal vere unikt i Noreg. Sakristiet vart bygd under renoveringa i 1960-åra.
Preikestolen er laga av Per Snikkar, som var frå området, og er jamgamal med kyrkja. Oppe under taket heng ein engel i tre, skoren av Talleiv Fjellet frå Høyudalsmo, truleg på same side som kyrkja vart reist. Engelen vart nytta som døypefont ei tid, og måtte da heisast opp og ned. Dette likte ikkje folk, og ein ny døypefont i furu vart laga i 1933. Krusifikset over altaret er skore av Sveinung Vasshus frå Rauland på slutten av 1800-talet.
Ein eldre preikestol frå stavkyrkja står ved sida av altaret, og i portalen finn ein eit dyrehovud og eit mannshovud i tre som òg er frå gamlekyrkja. Kyrkjeklokka er òg frå stavkyrkja.
Kyrkja har eit orgel frå danske I. Starup & Søn, laga i 1983 og med fire stemmar.
Øyfjell kyrkjegard går attende til mellomalderen, og det er fleire gamle gravminne der.
Litteratur og kjelder
- Øyfjell kyrkje på Wikipedia på nynorsk.
- Øyfjell kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no.
- Faktaark fra Kartverket.
- Oppslag på kyrkja sin informasjonstavle.
- Henriksveen, Herman: Kirker i Telemark. Utg. Flora. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Koordinater: 59.574833° N 8.173972° Ø