Anders Knutson Snøtun
Hopp til navigering
Hopp til søk
Anders Knutson Snøtun (fødd kring 1673, død kring 1711) var frå Grov i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av Knut Andersson Grov og Martha Olsdotter. Anders fekk bygselbrev på garden Snøtun av Ludvig Munthe 21. januar 1692 og dreiv garden så lenge han levde. I åra 1699-1701 var Anders K. Snøtun kyrkjeombodsmann i Jostedalen, eit ombod faren Knut tidlegare hadde hatt (1684-86).
Anders var gift med Torborg Larsdotter frå Optun i Luster, og dei fekk minst sju born:
- Gunnhild Andersdotter (1697-1761), gift med lensmann og gardbrukar Tøger Ottoson Snøtun
- Knut Andersson (f. kring 1699), soldat
- Gjertrud Andersdotter (1701-1738), paktarkone på Jostedal prestegard
- Martha Andersdotter (1703-1790), gardbrukarkone på Myklemyr
- Lars Andersson (1705-1758), gardbrukar på Søvde i Luster
- Peder Andersson (1707-1778), gardbrukar på Nedre Fåberg
- Anna Andersdotter (1710-1781), gardbrukarkone på Åberge i Luster
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 850. (Digital utgåve, NBdigital)