Båtbygging på laminerte spant, Vik Båtbyggeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå ein demonstrasjon på malloftet

Båtbygging på laminerte spant ved Vik Båtbyggeri. Båtbyggeriet vart skipa som lutlag i 1946 og nedlagt i 1995, det meste av anlegget strauk med i ein brann (skal finne datering). Historia held på å forsvinne difor vart denne artikkelen skriven. Les også artiklane om L/L Vik Båtbyggeri og båtbygging på doblingsspant.

Omstilling

Ved starten på 1970 talet var det lite tilgang på arbeid etter dei tradisjonelle byggemåtane ved Vik båtbyggeri. På 60 talet hadde det vore ein del forlenging av båtar bygde på doblingspant men når også dette såg ut for å minke vekk vart det aktuelt sjå etter andre måtar for arbeid. Det var litt spurnad etter nybygg størrelse 35’ til 40’ (fot). Det vart då gjort litt sondering i markedet om bygging på laminerte spant var interessant. Fekk kontrakt om bygging av ein kravelt kryssar på ca 41’ og bygt med laminerte spant.

Industri-spionasje?

Alle som driv eit eller anna har hatt eit auge til korleis grannen utfører ting. I åra etter 1900 kom det mange små motorfabrikkar i gang som lærte av kvarandre. Dei som bygde båt var heller ikkje noke undantak i såmåte. Når Vik skulle byrja med laminerte spant så vart det ein liten «studietur». Lenger nord i fylket var ein verkstad som laminerte spant, kanskje kunne me der få nokre gode idear. Som det vart sagt undervegs,«eg pratar du ser.» Dette var opptakta når me skulle kome fram til ein arbeidsprosess, men me måtte finne vår måte å gjere ting på.

Etter litt prat att og fram kom me til at det måtte byggast ei tilpassa presse for å presse spanta med mal, eller sagt på ein annan måte, presse med vinkel etter kvar spantet stod i båten. Pressa vart bygd slik at spanta vart pressa parvis liggande. Ein sveiste saman eit ribbeplan av 100 mm T profilar med 20 mm mellomrom slik at bukkar i rett vinkel på planet kunne skruast fast etter ein spantemodell.

Kvart spant var bygt på 12 lamellar av 11mm x 120mm impregnert furu. Mal linjene var avsett i spanterisset og ført over på spantemodellen. Malvinkelen er diferansen frå det eine spantet til det neste på dei avtegna mallinjer. Den diferansen vart avsett med passar i ei lære der vinkelen kunne strekast av på eit malbrett, og kunne også avlesast i cm. Måla i cm vart brukt som nr på malklossane som vart plaserte på bukkane i pressa. Det kunne vere t.d. 3 – 3,5 eller 5, det var cm skråing på klossane i pressa. Litt vanskeleg å forklare men det fungerte godt men måtte ha eit stort utval nummererte klossar. I mellom dei klossane som hadde nr frå malbrettet måtte det leggast inn klossar som likna ut overgangar.

Ny byggemåte

Slik det er skisert over her vart det ein del arbeidsmetodar som måtte endrast frå bygging på doblingspant til å nytte laminerte. Her måtte ein legge opp ei linjeteikning i full størrelse. Båten det var tinging på var ikkje lenger enn at mal-loftet gav rom til det. Under båtbygginga er det altid detaljar ein finn løysing på etter kvart. Slik har det alltid vore der arbeidsmåtar er utvikla ved erfaring og ikkje ei detaljert beskriving om korleis ting skal utførast. Ved bygging med doblingspant ligg eit tømmer med rot over kjølen og kjølsvinet over rota med gjennomgåande boltar til kjølen, « kjølboltar». Med laminerte spant vart det valt å legge kjølsvinet ned på kjølen og skråskjere spanta inn på sida av kjølsvinet. Ein bora då litt på skrå for gjennomgåande boltar frå spantet og gjennom kjølsvinet, sameleis for kvar side. Samanbindinga ved kjølen, «bunnstokken», vart laga av 10 mm stål. Bygt ved stålplate 120 mm breidd, same som spantet og 0,7-0,8 m oppover, med gjennomgåande skruar på spantet, og ei ståande plate tverrskips sveist ned på desse.

Mal-loftet

For å lage spant slik det her er skisert var ein avhengig av nøyaktige modellar og med overføring av rett mal på bestemte høgder på spantet. For å klare det måtte heile båten linjetegnast. På doblingspant var der litt å gå på til diksling og dei kunne også på andre måtar tilpassast lettare enn eit laminert spant, som er stivt. Difor var utgangspunktet for doblingspant kun eit spanteriss, basert på ein halvemodell som var ganga opp til den båtstørrelse ein skulle ha. På Vik var det ikkje teikningar som vart overførde til spanteriss eller på mal golvet. Alt var rekna ut frå ein halvemodell forma som ein halvbåt kløyvd på langs. Den er høvla og pussa på til forma er slik ein vil ha den. Den er laga av lamellar som er limde saman og slik får ein limfugene som liggande linjer. Det gir høve til å måle t.d. breidde på kvart spant og kvar linje, gange opp og føre over til spanterisset.

Når ein skulle legge opp for linjeteikning så la ein ut t.d. fjerdekvart spant og ut frå dei konstruerte ein dei aktuelle spant inn i linjene på horisontalplanet. Det kan gjerne illustrerast med å kalle dei vasslinjer. Står ein ved rekka på ein båt og ser der skroget møter vassyta så er det vannlinja, og ein ser det same som om ein ser rett ned på ei linjeteikning. Jamne fine overgangar. For også å få ein fin botn vart det sett inn to linjer vertikalt. Kan tenkje seg som to langsgåande snitt paralelle med kjølen. Så må desse linjene danne jamne overgangar i begge snitta. Dernest kan ein frå linjene legge inn resten av spanta. I lengdesnittet er der eit rutemønster der spantavstand er ståande linjer og vannlinja er liggande. Her set ein inn så mange ein ynskjer. Kjølstigninga vert også målt ut frå ei konstruksjonslinje (vannlinje).

Nokre av båtane som var bygde på Vik var ikkje lenger enn at ein fekk teikne dei i 1:1. Var båtane lenger enn malloftet vart lengdesnittet teikna i 1/2 størrelse og dobla måla inn i spanterisset att så det vart 1:1. På mal-loftet vert kappe, luke og keising plasert. Då får ein også nøyaktig plaserin på alle luke-endebjelkar og mål å mal på kravellane. Mange andre små detaljar kan og merkast ut som t.d. sponing. Ved å legge ein liten klosse tilsvarande tjukta på huda inn åt spantestreket ned ved kjølen og merke av kunne ein lage modell av sponinga og dermed få gjere den ferdig på kjølen når han låg på bukkar i verkstaden. Spantetoppane kom og fram etter utrekninga frå halvemodellen. Når alle spanta var inntegna kunne ujamnheiter i springet jamnast ut ved å legge ei ri på toppane. «Ri» er ei list av rein ved, brukast til å trekke opp jamne buar, den er dimensjonert etter kva den skal nyttast til.

Når alle spant er tegna ut vert det laga modellar av kvart spant. Brukte då ei ri sett på kant og styrt på plass med ein hest. Det er ein ca 50 cm lang list med eit hakk tilsvarande tjukta på ria, ein liten spikar motsatt ende ned i golvet held ria på plass. Ein set på så mange hestar som nødvendig. Når det er sett opp slik kan ria løftast litt opp så ein smetter under modell emnet, oftast krysfiner. Då er det berre å merke av – det vert ytterkant, innerkant vert avdrege med eit stykke tilsvarande spantetjukta. På dette viset vert det laga modellar av alle spant, laskane i stamn og understamn, modell av akterstamn og vinkel på stilken.

Oppstilling

Når ein kom så langt at ein byrje å presse spant så starta ein med 0 spantet (midt på båten). Det spantet er ikkje mal på m.a.o. rettvinkla. Om morgonen la ein eit spant i pressa og det var ferdig til å ta ut så tidleg at eit nytt vart lagt inn før ein slutta for dagen. For å greie det vart det tilført ein del varme i ei isolert kasse som vart senka over pressa. Ein mann var på mal-loftet og laga modellar og resten av karane reiste spant mellom at dei la på plass nye spant i pressa. Slik vart det laga og røyst to spant for dag. For å stille opp spanta vart det laga ein skandekksmodell på begge sider av båten. Den vart og laga på mal-loftet ut frå teikningane der. Når spanta skulle stillast opp skulle dei ligge ut mot skandekksmodellen. Når spanta vert pressa med mal vandrar dei litt etter kor mykje mal det er. Kor stor vandring vart målt i pressa før spanta var tekne ut og det målet vart teke omsyn til under oppstilling. Det var og brukt nokre rier for å følja med at oppstillingane var rett. Fyrste to spantepara var litt avstand mellom for få kontroll på retninga, kunne då fylle ut mellom og justere etter behov. Her gir kappinga inn mot kjølsvinet store utslag.

Hud og dekk m.m.

På desse båtane med enkle spant vart huda festa med skipsspikar, dermed slapp ein å bore vekk mykje av spantet til nagle hol. «Mot» som var fyrste båt bygd på laminerte spant hadde 1 ½ ’’ hud av furu og garnering det same. På «Mot» var alle natene i huda drevne tradisjonelt men på seinare båtar av denne typa var natene utfreste for å lime inn trelister.

Dekket var og av 1 ½’’ fure, natene her var lagde med ”Formflex” eit syntetisk gummistoff.

På nokre av desse båtane var rorhuset bygt med glasfiberarmert polyester. Seinare vart det sveist i aluminium og det same for lukekarm, som og fekk deksel i aluminium. Alt av smiarbeid, beslag, tankar og liknande vart laga på båtbyggjeriet.

kjelder

Koordinater: 62.07536° N 6.22081° Ø