Barbro Hasfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Barbro Hafsfjord»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Barbro Hasfjord (død 1647 eller 1648 i Vikna) vart brend etter en hekseprosess. Vi kjenner ikkje detaljane i tiltala mot ho, men lokale segner knyttar ho til den første gjæslingulukka i 1625, då 210 fiskarar miste livet i ein storm.

Namnet hennar kjem frå garden HasfjordYtre-Vikna. Avrettinga fann stad på Anfinneset, ein husmannsplass under denne garden, og den kan tyde på at ho budde på den plassen. Rett ved husa er det ein bergknaus som er kjend som Barbroberget, og tradisjonen fortel at det var der ho vart brend. At avrettinga skjedde på heimplassen er i tråd med eit prinsipp om at det gjerne skulle skje på åstaden for brotsverket, og for ei heks var vel gjerne det heimen.

Vi har ein opplysning frå 1636. Då hadde ho ein part i Hasfjord, der ho måtte overgje bygsla til Moritz Paulsson, truleg fordi ho ikkje sjølv var myndig. I 1637 er ho så nemnd då Bille Johansson Hasfjord måtte betale fem dalar i bot for leiarmål med sin forlovede Barbro Nielsdotter Fjukstad. Om det er rett Barbro – og ein kjenner ikkje nokon anna Barbro på staden i denne perioden – var ho altså dotter av Niels Fjukstad. Truleg vart ho tidleg sett bort til pleieforeldre, som så døydde mens ho var ung. Vi veit ikkje om barnet vart fødd eller ikkje; det finst ikkje kyrkjebøker frå området så langt attende, og korkje Bille eller ein unge er nemnd seinare.

Vi har ikkje kjelder frå sjølve prosessen, men det finst to dokument som synar at ho vart avretta. Det eine er ei kvittering frå 1648 på 6 dalar til mestermannen «for hans brende ehn throldquinde ved naffn Barbro Hafsfior som aldelis indtet effter fandtes». Her får vi altså vite to ting: At ho vart brend, og at ho ikkje hadde nokon eigedom.

Det andre dokumentet er eit såkalla tingsvitne datert 20. februar 1649, frå vintertinget på Lauga i Nærøy. Her stadfester seks lagrettemenn at det ikkje var noko etter Barbro Hasfjord, og at ein derfor ikkje hadde pengar i buet til å betale mestermannen. Futen Jacob Franzen måtte derfor legge ut summen på seks dalar. Dei seks lagrettemennene var lennsmann på Vikna Jens Ågesson, Olluf Gudmundsson Aagvig, Joenn Lysøen, Lauritz Sund, Knud Hundestad og Christenn Løvøen. At dette var skrive ned skuldast nok at futen hadde tatt av skattepengane i 1648, og at lensherren ikkje har likt dette. Han stilte spørsmål ved om det var rett at ho ikkje hadde eigedom, og futen har så samla seks mann som vitna om at slik var det.

Sjølve hekseprosessen fann stad på bygdetinget på Drag. Presten Michel Mogenssøn, vår viktigaste kjelde til den første gjæslingulukka, må ha vore innblanda som geistlig sakkunnig, og den nemnde lensmann Jens Ågesson har truleg leia saka.[1] Avrettinga fann stad mellom mai 1647 og mai 1648.[2]

Det har vore minst tre segner som har gått om Barbro. Det første er frå vårfisket, der ein fiskar frå Lyngsnes kunne fortelje at han såg at ho levre sei ute på ei grunne, og at fisken så vart sprell levande når ho kasta han ut att.

Den andre historia var at ho var forelska i ein soldat, men han ville ikkje vite av ho. Ho skapte seg om til eit garnnøste og trilla etter han på vegen og opp på skuldra hans. Han skjønte at det var trolldom på ferde, og kutta tråden med sabelen sin. Etter det fekk han vere i fred, men Barbro hadde eit arr i panna etter sabelhogget.

Det tredje historia er den mest dramatiske, nemlig den knytta til gjæslingulukka i 1625. Under vinterfisket skulle ho utøve trolldom mot lensmann Ågesson (eitt av vitnene i 1649). Ho hadde vann i ein stamp, sette sju trebollar på vatnet og fekk tausa til å røre i vatnet. Seks av bollane velta, men den sjuande haldt seg flytande på rett kjøl. Ho skal då ha sagt at lensmannen var for sterk i sin morgon- og kveldsbøn, og når ho ikkje fekk has på han skulle andre få lide. Lensmannen såg stormskyar over fjorden, og kom seg i land. På veg inn dukka han seg under tre gonger for å verje seg mot trolldommen. Segnen vert satt i samanhang med gjæslingulukka i 1625. Det ser ut til at denne historia dukka opp først lenge etter at ho vart brend, og om det stemde at ho vart skulda for denne store ulukka – med heile 210 døde – skulle ein vente at saken hadde kome for retten kort tid etter, og ikkje meir enn tjue år etter orkanen.

Ingen av dei to første segnene gjer automatisk dødsstraff i ein hekseprosess. Ein måtte dømast for maleficio, skade på dyr eller menneske. Men her bringer ho fisk til live og driv med kjærleiksmagi; ikkje bra, men heller ikkje utan vidare nok til dødsstraff. Den tredje segna ville vere meir enn nok, men det er ikkje så lett å tru på at den var oppe i saka. Åge Hartviksen skriv i sin artikkel at ho hadde kjennskap til folkemedisin og at ho var stri og hadde ei skarp tunge.[3] Om det er rett er ho ei av mange som vart skulda for andre folk sine ulukker, og som måtte bøte med livet for sitt utanforskap i bygda.

Referansar

  1. Hartviksen 1984: 36
  2. Hartviksen 1984: 32.
  3. Hartviksen 1984: 36

Litteratur og kjelder