Gerhard Berge

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Berge, Gerhard»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gerhard Berge (født 6 april 1911 i Eidsdal, død 15 mai 1996) starta i 1937 Norddal Jarnarbeidsskule og dreiv den til siste klassa gjekk ut våren 1948. Foreldra var Berte Jørgine Gregoriusdatter Indreeide (1876-1949) og Elling Gregoriussen Berge (1878-1951). Han hadde utdanning frå Statens Husindustriskule i Haus (1929-30) og Den Norske Kunsthandverksskulen på Voss (1933-35). Etter 1948 var han anleggsarbeidar, gardbrukar og lokalhistorikar. I «Norddal Bygdebøker III Kultursoge», redigert av Ivar Kleiva, skreiv han om «Husflit og handverk – Jarnet – Smedar og smedarbeid.»

Vidare lesing