Brand-båtane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brand-båtane var ei rekkje med båtar som sykkylvingen Bernt Fauske rusta ut for å drive kristeleg ungdomsarbeid. Båtane vart også nytta som turistbåtar.

Ideen til Brand-båtane vart til under ein samtale mellom dei to sekretærane i Norges Kristelige Ungdomsforbund, Alf Røssvold og Bernt Fauske i 1926. Begge meinte at organisasjonen burde ha ein båt i teneste for det kristelege ungdomsarbeidet. Då kunne ein komme fram dit ein ville langs kysten og ta med seg dei hjelpemidla ein hadde bruk for.

Sju Brand-båtar

Den store utfordringa var å få finansieringa på plass. Takka vere gode bidrag frå næringslivsfolk gjekk det lettare enn dei hadde rekna med. Initiativtakarane mottok gåver som maskin, omnar, servantar, glas, teppe, gardiner, orgel og mykje meir. I Tjørvåg i Herøy fekk dei stilt slipp og verkstad gratis til disposisjon. Der vart den første Brand-båten bygd i 1927.

Brand I var ein 35 fots motorbåt. Første turen, med seks gutar om bord, gjekk frå Sunnmøre til Røst der det var sommarleir. Brand I vart snart for liten, og i 1929 kom den neste båten i rekkja, Brand II. Etter dette kom dei i tur og orden: Brand III i 1933, Brand IV i 1939, Brand V i 1949, Brand VI i 1954 og Brand VII i 1966.

Turistbåt og sjøgutskule

Noko av eit kjennemerke for Brandbåtane var Nordkappturane. Seinare, då båtane vart større, gjekk turane også til utlandet. Mellom anna vart det arrangert mange Middelhavsturar, der reisemålet var Palestina og Israel.

I 1936 begynte dei med sjøgutskule i Brand-båtane. Det var Brand III som først vart nytta til dette føremålet. Unge Sjømenns Kristelige Forening i Stavanger tok over denne skulen i 1951. Seinare dreiv dei skulen om bord i MS Gann, den tidlegare Brand VI.

Kongens gull

Bernt Fauske var sjølv kaptein på Brandbåtane dei første 20 åra. Han var dessutan direktør og ansvarleg for drifta i alle år. For innsatsen sin fekk han Kongens fortenestemedalje i gull i 1956.

Då Bernt Fauske døydde i 1980, vart Brand VII seld til eit reiarlag på Karmøya i Rogaland. I nokre år dreiv dei vidare etter same opplegg som Bernt Fauske brukte.


Kjelde:

  • Jon Hole: Sykkylven kommune - Sykkylven kyrkje 1883 - 1983. Sykkylven 1983.