Breheimenutbygginga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Breheimenutbygginga (Breheimen/Stryn, Breheimen/Jotunheimen) er eit vanleg namn på planane frå 1960-, 70- og 80-åra om ei omfattande kraftutbygging i Breheimen og delar av Jotunheimen i Sogn og Fjordane og Oppland. Planane var svært omstridde, og berre ein del av dei er seinare realiserte.

Planane frå 1973

På oppdrag frå NVE byrja Direktoratet for Statskraftverka i 1966 arbeidet med ein plan for ei samla utnytting av vassdraga i Breheimen/Jotunheimen. Fallrettane i området var spreidd på ei rekkje ulike kraftselskap, men dei store naturverninteressene gjorde det tidleg klart at det trongst ei samla planlegging.

Statskraftverka sende 4. desember 1973 over to fullt utarbeidde hovudalternativ for ei utbygging av vassdraga til Olje- og energidepartementet. Dei to alternativa ville gje ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 5362-5419 GWh, noko som gjorde det til dei største kraftutbyggingsplanane som var lagde fram i Noreg.

Øvre Otta mot aust eller vest?

I båe alternativa ville Rauddalsvatnet i Øvre Otta vere hovudmagasin. Det som skilde dei to alternativa, var om Øvre Otta skulle byggjast ut mot aust eller mot vest. I det austlege alternativet ville Store Føysa, Spongi og Tverråi gå inn i Billingen kraftverk som utnytta fallet mellom Torsvatn og Vuluvatn. Derifrå ville vatnet gå til magasinet i Rauddalen. Nord-vest i Jotunheimen ville elvane Leira og Bøvri gå inn i eit magasin i Høydalsvatnet, og vatnet frå både Rauddalen og Høydalsvatnet ville bli utnytta i Ånstad kraftstasjon i Skjåk.

Med ei utbygging vestover ville Bøvri og Leira gå i eit separat Bøvri kraftverk. Vatnet frå Rauddalsmagasinet ville derimot bli overført vestover til eit magasin på Fåbergstølsgrandane i Jostedalen.

Utbygginga i vest

Planane for dei vestlege vassdraga var like i dei to alternativa. Magasin i Kupevatnet og Styggevatnet/Austdalsvatnet skulle utnyttast i ein pupekraftstasjon på Fåbergstølen der vatnet vart samla opp i eit nytt kunstig magasin. Det ville òg få tilført vatn gjennom ein takrennetunnel langs austsida av Jostedalen frå og med Geisdøla i sør.

Frå magasinet på Fåbergstølsgrandane skulle vatnet gå under Jostedalsbreen til Lodal kraftstasjon. Elvane under Nigardsbreen og Fåbergstølsbreen i Jostedalen skulle òg overførast til Lodal, og det same skulle elvane i Strynevassdraget, det ville seie Grasdøla, Videdøla, Sunndøla og Erdalselva. Det var planlagt magasin i Oppljosvatnet og Langevatnet.

Mellom Lovatnet og fjorden skulle vatnet utnyttast i Loen kraftverk.

Andre reguleringar

Planane inneheldt også fleire mindre reguleringar, mellom anna av Leirdølavassdraget på austsida av Jostedalen og Mørkri kraftverk i Mørkrisdalen i Luster. Vigdøla skulle i desse planane overførast til Mørkri.

"Øvre Otta mot vest" trekt

I innstillinga frå 1973 hadde Statskraftverka gått inn for alternativet "Øvre Otta mot vest". Det vart stor strid og kom opp sterk motstand mot båe alternativa i utbyggingsplanane, og i 1977 trekte Statskraftverka attende alternativet "Øvre Otta mot vest". Ein viktig grunn var ureininga av Mjøsa som i mellomtida hadde vorte ei stor sak. Styresmaktene var redd for at ei overføring av Otta vestover ville gjere denne situasjonen enno verre. Det var òg økonomisk og politisk uakseptabelt for kommunane i Ottadalen å sende vatnet vestover for utnytting der.

Dermed stod berre alternativet "Austlege vassdrag mot aust" att.

Innvendingar frå Stryn og Luster

Bortsett frå Langvatnmagasinet i Skjåk låg heile utbyggingsområdet for den vestlege delen av utbyggingsplanane i kommunane Luster og Stryn. Luster kravde tidleg at Jostedøla skulle byggjast ut mot Gaupne, ikkje mot Stryn, og Stryn kommune meinte ei separat utbygging av Hjelledalen kunne vere ei betre løysing enn overføring til Loen. Den 11. september 1978 gav hovudstyret i NVE difor Statskraftverka i oppdrag å lage alternative planar med separate utbyggingar. Etter krav frå grunneigarar i Jostedalen bad NVE dessutan at eit alternativ utan magasin på Fåbergstølsgrandane vart utgreidd.

På dette tidspunktet var ein delplan i Statskraftverka sin Breheimenplan i ferd med å bli realisert. Planane for ei regulering av Leirdølavassdraget i Luster var klare sommaren 1971, og konsesjon vart gjeven etter handsaming i Stortinget våren 1974. Leirdøla kraftverk med magasin i Tunsbergdalsvatnet stod ferdig hausten 1978.

Planen for Jostedalsvassdraget 1980

Statskraftverka sende dei nye planane for Breheimen over til Olje- og energidepartementet i september 1980. Planen frå 1973 vart no trekt heilt attende, og det var utarbeidd fire alternativ for Jostedalsvassdraget som fekk nemningane A, B, C og D.

I 1973 vart Mørkrisvassdraget verna for 10 år i den fyrste Verneplan for vassdrag. Dei elvane i Jostedalen som var planlagt overførte til Mørkri kraftverk i 1973-planen, vart difor tekne inn i den nye planen for utbygginga av Jostedalsvassdraget. Det galdt elvane mellom Geisdøla og Vigdøla med Vanndøla som den største.

Alternativ A

Dette låg tett opp til planen frå 1973. Øvste delen av Jostedalsvassdraget skulle overførast til Loen, og det skulle byggjast tre kraftverk: Fåbergstøl, Lodal og Loen. Strynevassdraget skulle no derimot byggjast ut separat i Skåre kraftverk. I Stryn var no òg nokre fleire elvar tekne inn i planane. Statskraftverka sjølv gjekk ikkje lenger inn for dette alternativet, så det spela ikkje nokon rolle i den vidare debatten.

Alternativ B og C

Alternativa B, C og D gjekk ut på separate utbyggingar av vassdraga i Jostedalen og i Stryn. Felles for alle alternativ var magasin i Kupevatnet og i Styggevatnet/Austdalsvatnet. Planane for Stryn med Skåre kraftverk var òg identisk i desse tre alternativa.

Både i alt. B og C ville elvane frå Nigardsbreen og Fåbergstølsbreen gå inn i magasinet på Fåbergstølen, men det var ulike løysingar når det galdt kraftverka. I alt. B ville vatnet frå Styggevatnet gå til Fåbergstøl kraftverk og vatnet frå Fåbergstølen gå til eit Gaupne kraftverk.

I alt. C hadde ein berre éin kraftstasjon i fjellet ved Myklemyr i Jostedalen (kalla Vigdal kraftstasjon) der både det høge fallet frå Styggevatnet og det låge frå magasinet på Fåbergstølen skulle utnyttast.

Alternativ D

Alternativ D var ei redusert utbygging i Jostedalen utan magasin på Fåbergstølsgrandane. Her ville berre det høge fallet frå Styggevatnet til Vigdal kraftstasjon bli utnytta på jostedalssida.

Dette innebar at vatnet over ca 1200 m.o.h. vart utnytta. I tillegg til magasina i Kupevatnet og Austdalsvatnet/Styggevatnet, var det planlagt 22 bekkeinntak på austsida av Jostedalen sørover til Vigdalen.

Produksjon

Alternativa A, B og C ville alle gje om lag like mykje produksjon (årleg snitt ca 3000 GWh). Alt. D ville gje 2143 GWh/år. I alle alternativa utgjorde dei to falla i SKåre kraftverk i Stryn 700 GWh/år, og det øvre fallet i Vigdal kraftverk i alt. C og D utgjorde 1129 GWh/år. Magasinet på Fåbergstølen ville såleis gje ca 840 GWh/år.

Statskraftverka innstilte på utbygging av alt. B.

Striden 1980-1984

I Jostedalen var det sterk motstand mot ei neddemming av Fåbergstølsgrandane, og det reduserte alt. D var utgreidd og kome inn i planane etter krav frå grunneigarar. Samstundes hadde storflaumen i Jostedalen i august 1979 gjort at det var lite motstand mot utbygging. Ei utbygging etter alt. D hadde såleis brei støtte i bygda, og lokalt spela verne- og bygdeutviklingsgruppa Arbeidsnemndi for Jostedalens framtid ei viktig rolle. Eit knapt fleirtal i kommunestyret i Luster (19 mot 18) gjekk òg inn for det reduserte alt. D i staden for den store utbygginga (alt. B), og det same gjorde fylkestinget i Sogn og Fjordane (20 mot 17).

Omsynet til den framtidige kraftsituasjonen gjorde at regjeringa ynskte å få utbygginga raskt gjennom. Utbygginga av Jostedalsvassdraget vart såleis fremja som eiga sak utanfor den fyrste Samla plan for vassdrag som vart lagt fram for Stortinget same året (1984). Den meir konfliktfylte utbygginga av vassdraga i Stryn vart dessutan halden utanfor saka med tilvising til at det trongst fleire naturvitskaplege undersøkingar.

Eit høgdepunkt i striden var synfaringa i juli 1983 der olje- og energiminister Kåre Kristiansen (Krf) og miljøvernminister Rakel Surlien (Sp) deltok. I diskusjonane i regjeringa støtta Kristiansen ei stor utbygging (alt. B) medan Surlien gjekk inn for det reduserte alternativet (D). Regjeringa gjekk inn for alt. D då saka vart oversend Stortinget 16. september 1984, og dette alternativet samla eit breitt fleirtal i Stortinget. Innstillinga frå energi- og industrikomiteen kom 8. mai 1984, og Stortinget drøfta og vedtok utbygginga 15. mai. Konsesjonen vart gjeven ved kongeleg resolusjon 29. juni 1984.

Motstanden

Frå natur- og miljøvernhald var det sterk motstand mot all utbygging, også alt. D. Naturvernorganisasjonar både regionalt og nasjonalt arbeidde mot utbygginga, og både Statens naturvernråd og Statens Friluftsråd gjekk mot utbygginga. Miljøverndepartementet uttala også at alle utbyggingsalternativa ville medføre så store skadeverknader på norsk natur at departementet var sterkt i tvil om det bør tillatast gjennomført. Departementet gjekk i juli 1984 difor under tvil inn for alt. D, men ville ta Vigdøla ut av reguleringa. Før regjeringa sende saka til Stortinget i september hadde likevel Miljøverndepartementet skift meining og godteke at Vigdøla vart teke med i alt. D.

I Stortinget røysta Venstre og Sosialistisk Venstreparti mot utbygginga.

Utbygginga

Anleggsarbeida kom i gang sommaren 1984, og kraftproduksjonen kom i gang i 1990. Anlegget hadde då kosta 2,3 mrd kr. Kraftstasjonen på Myklemyr som i planane var kalla Vigdal kraftverk, vart heitande Jostedal kraftverk.

Gjennomsnittleg årsproduksjon var stipulert til 1129 GWh/år, men vart seinare sett ned til 874 GWh/år.

Kjelder og litteratur

  • «Breheimen/Stryn» (Store Norske Leksikon)
  • «Jotunheimen - Breheimen-planen» (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)
  • «Jostedals-utbygginga» (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)
  • «Flaumen i 1979» (Jostedal historielag)
  • Striden om Jotunheimen/Breheimen. Den Norske Turistforenings årbok, 1975
  • Andersen, Bjørg Marit, m.fl. (red.). (1978). Etter oss? Om framtida for Jotunheimen og Breheimen. Ås. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Garmo, Torgeir T., Hjalmar Munthe-Kaas Lund, og Inger Heiberg. (1978). Den korte sannhet. Momenter til Stortingets behandling av utbyggingsplanene for Jotunheimen/Breheimen. Oslo: Grøndahl. (Digital utgåve, NBdigital)
  • St.prp. nr. 7 (1983-1984) Samtykke til statsregulering for utbygging av Jostedalsvassdraget. Olje- og energidepartementet.
  • Innst. S. nr. 200 (1983-84) Innstilling fra energi- og industrikomiteen om samtykke til statsregulering og utbygging av Jostedalsvassdraget og om medeiendomsrett for Sogn og Fjordane fylkeskommune i statens vannkraftutbygginger i Leirdøla og Jostedalsvassdraget (St.prp. nr. 7 og St.prp. nr. 72). Stortinget. (Digital utgåve)
  • Kyrkjeeide, Haakon. (1989). Vasskraftutbygging. I Stein Næss, m.fl. (red.), Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter (s. 113-120). Oslo: Grøndahl.