Brekkestranda fjordhotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brekkestranda fjordhotell ein sommarkveld.
Foto: Siri Iversen (2022).

Brekkestranda fjordhotell er eit hotell i Brekke i Gulen kommune. Det var Ingeborg Brekke (1908–1999) frå Brekke som starta hotellet i 1970 og arkitekt var Bjørn Simonnæs (1921–). Ingeborg Brekke hadde vore kokke fleire stader før ho kom attende til Brekke i 1939 då ho vart post- og telefonstyrar i bygda. Ho bygde det skeive, særmerkte hotellet Brekkestrand fjordpensjonat der ingen vinklar er rette. Torvtak, naturstein og hunbord vart nytta i bygginga.

Brekkestranda fjordhotell
Foto: Siri Iversen (2022).

Då Ingeborg Brekke vart pensjonist tok sonen Bjørn Brekke over hotelldrifta til han selde hotellet i 2008[1].

Kjelder:

  • Starheim, Ottar: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Utg. NRK aktivum. 2009. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Uvanlig hus og uvanlig vertinne. Møte med Ingeborg Brekke på Brekkestranda Fjordpensjonat.. Utg. NRK (the Norwegian Broadcasting Corporation). 19740811. Digital versjonNettbiblioteket.
  1. Strilen 2009.02.21, s. 16-17. Digital versjonNettbiblioteket.