Brevsamling Kleiven-Prestgard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Brevsamling Kleiven-Prestgard inneheld 178 brev.
Kulturhistorikaren Ivar Kleiven (1854-1934) frå Vågå og pressemannen Kristian Prestgard (1866-1946) frå Heidal var vener frå ungdomen og gjekk i lag på Telemark Folkehøgskule 1885–86. Sidan budde Kleiven fast i Vågå, med Prestgard reiste ut, fyrst til Danmark og i 1893 til Amerika. Dei møttest berre éin gong seinare, sommaren 1927. Breva vart det personlege bandet mellom dei. Her fortel dei om arbeid, kultur, heimeliv og lengt i eit levande, personleg språk. Kleiven bruker både vågåmål, austlandsmål og landsmål. Prestgard skiftar frå dialekt og landsmål i Noreg til riksmål i Amerika, men den lokale tonen ligg alltid under.
Sjå òg
- Melding v/Torveig Dahl i Heimen, 3/2018.
- Ivar Teigum i Vågå - sagt og skrivi gjennom ti'in, 2017, s. 10-13.
- Oskar Vistdal i Jutulen. Årsskrift frå Vågå historielag, 2018, s. 74-87.