Brøste-Stueflotten Kulturlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brøste-Stueflotten Kulturlag vart etablert i 1999. Formålet var i utgangspunktet å restaurere ei vassdriven sirkelsag, Brøstsaga, ved vegen inn over mot Brøstdalen, nær fylkesgrensa mellom Innlandet (dåverande Oppland) og Møre og Romsdal. Etter kvart har denne sagplassen blitt utvida til Sagelva Vasskraftsenter, som laget no driv.

Kulturlaget fekk kulturprisen til Lesja kommune i 2006 og for Rauma kommune i 2007 for dette arbeidet. I 2009 fekk laget den nasjonale kulturminnedagens pris for arrangementet saman med bygdekvinnelaga i Lesjaskog og Øverdalen, husflidslaga i Lesja og Rauma, Rauma historielag, fysak-gruppa i Lesja og Lesja og Rauma kommuner.

Kjelder

  • Kylling, Asmund 2006: Brøstsaga i Lesja. Utvikling frå 1870. Treteknisk Informasjon nr 1 s. 31-34.

Eksterne lenkjer