Buplass i Nørdre Bolla, Skjåk
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Herb%C3%B8rN%C3%B8rdreBollaSkj%C3%A5k_nyare.jpg&width=400)
Den nyaste buplassen i Nørdre Bolla, bygd 1924.
Foto: Arnfinn Kjelland (2015)
I sørhellinga på fjellet Nørdre Bolla i Skjåk er det restar etter to overnattingsstader av herbør-typen tett ved kvarandre. Den nyaste vart etter Mølmen 1988 bygd av romsdalingar, mellom andre Knut Brøste, i 1924 og var i bruk dei neste åra til reinen forsvann frå området.
Berre nokre meter frå denne buplassen syner det ei tydeleg tuft, om lag 2 x 3 meter, etter ein mykje eldre konstruksjon (ikkje nemnt av Mølmen 1988), sjå bilde.
Tuft etter eldre buplass i Nørdre Bolla. Foto: Arnfinn Kjelland (2015)
Litteratur
- Mølmen, Øystein 1988: Jakt- og fangstkulturen i Skjåk og Finndalsfjellet. Skjåk kommune, s. 137.