Dårstulvegen
Dårstulvegen er en skogsbilvei i Lisleherad i Notodden kommune som går nordøstover fra Follsjøvegen til Håvemarka der den deler seg i flere forgreininger over et stort område.
Veien har navn etter stulen Dårstul som ligger ved Dårstulvatnets østbredd. Navnevedtak ble gjort i 2017. Ved Dårstul har det vært tømmervelte.
Fra tømmerrenne til skogsbilvei
Fram til 1923 blei det fløyta tømmer i Dårstulelva i Lisleherad. Då blei det bygd ei 5 km lang tømmerrenne frå Dårstul til Cloumansjøen. Ho var i bruk til Dårstulvegen blei bygd kring 1950, fortalde Arnfinn Haave til Sigmund Brekke, vegplanleggar i TT. Renna var bygd av rundt tømmer med ei list i meddraget. Det gjekk med 15 tylvter tømmer til vedlikehald kvart år, forutan lekter og spiker. Renna var sett opp på bukkar. Det var vanskar der ho gjekk over frå flatt til bratt, for der blei det for lite vatn. Der det var råd, blei dette løyst ved å sette til vatn utanfrå. Likevel hende det at tømmeret sette seg fast under fløytinga, så det måtte vere mange vaktpostar, 13–14 i alt. Dei hadde med seg gevær og skaut varselskot når noko hende. Anna samband hadde dei ikkje.
Dårstulvegen var den første bilvegen, sa Arnfinn Haave. Den første delen blei bygd med handkraft, med spade, hakke, spett og trillebår. Arbeidslaget var på 6 mann og prisen for planering og pukking var 40 kroner meteren. Fjellsprenging var med i prisen. Grusinga blei gjort med lastebil. Vegen blei bygd i etappar. Den første, der det blei brukt handkraft, var 2–3 km lang og tok 2 somrar. I 1951 kom den første bulldozaren til bygda og dei neste to etappane blei til på kort tid. På Haave blei det bygd i alt 30 km skogsbilveg. Det var med på å innleie ei ny tid for skogstransporten. | ||
– Andreas Vevstad: Skogen i Telemark |
Kilder
- Kartverket: Norgeskart
- Vevstad, Andreas: Skogen i Telemark. Telemark Skogselskap, Telemark Tømmersalgslag og Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga. Skien 2000