Dalasau

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalasau

Dalasauen er ei krysning mellom spælsau og ulike engelske rasar (sutherlandsau, leicestersau og sjeviot). Dalasauen er ein relativt stor sau med middels ullkvalitet. Dalasauer er vanlege over heile Noreg, og 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen er dalasauer.

Sauen er kvit med kritkvite dekkhår på bein og hovud, men svart nase og klauvar. Han er nokså stor og grovbygd med middels ullkvalitet. Typisk vaksenvekt er 80–90 kg.

Historie

Dalasauen har opphav i den innblandinga av leicestersau og delvis sjeviotsau i den gammalnorske sauen som begynte kring 1860. Desse blandingstypane viste seg å konkurrere godt i vestlandske fjordbygder med godt sommarbeite og god vinterfôring. På Voss var det eit sterkt sauemiljø som utvikla ein type som etterkvart vart kalla vossasau, og etter 1923 dalasau.

Kjelder


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Dalasau» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Dalasau» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.