Dalseth Eftf. AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dalseth Eftf. AS var ei daglegvareforretning i Straumgjerde. Handelsbedrifta vart etablert av Reinhardt Dalseth, fødd i Hjelmelandsdalen i Nordfjord i 1896. Han kom til Sykkylven som 18-åring og vart tilsett som butikkgut i forretninga til Elias Vinje på Aure. Etter nokre år der reiste han frå Sykkylven, og hadde m.a. forretning i Bjørkedalen på den tida dei bygde vegen over Stigedalen. I 1929 kom han og huslyden tilbake til Sykkylven, og saman med Elias Vinje og Trygve Straume skipa han Straumgjerde Landhandel AS i 1931. Dette firmaet heldt først til i Langeland-huset, men kunne i 1934 flytte inn i eige hus på Bergane. Kona Johanne, f. Strømme, dreiv Bergheim Gjestgiveri i andre høgda.

Straumgjerde Landhandel AS vart oppløyst i 1941, men same året nyskipa under namnet R. Dalseth AS, og med dei same aksjeeigarane. Krigsåra var ei vanskeleg tid med rasjonering på mest alle slag varer. Rasjoneringskorta førde med seg mykje ekstra arbeid. Saksa, mjølausa, meteren og litermålet var dei viktigaste reiskapane kjøpmannen hadde.

Reinhardt Dalseth døydde i 1960, og svigersonen Inge Strømme og kona Gunnvor f. Dalseth tok då over handelen. Dei skipa sitt eige firma, Dalseth Eftf. A/S i 1965, og dreiv handelen stort sett som før.

I 1981 vart firmaet med i ei kjede av 36 kolonialkjøpmenn på Sunnmøre og i Nordfjord. Målsettinga med denne kjeda var samordna innkjøp og salsopplegg. Dermed kunne ein få rabattar ved innkjøp. Dei moderniserte forretninga og la om til sjølvhjelpsbutikk i 1978.

Då Inge og Gunvor Strømme pensjonerte seg vart butikkdrifta avvikla.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.