Draumkvedet

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Draumkveen»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnestein over Maren Ramskeid, som framførde Draumkvedet for Magnus Brostrup Landstad i 1840-åra.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen (2003).

Draumkvedet er eit visjonsdikt som truleg først vart laga mot slutten av mellomalderen. Det skildrar ein visjon av livet etter dette, der Olav Åsteson eller Åknesån fall i ein ekstatisk søvn på julaften og ikkje vakna før trettande dag jul. Då rei han til kyrkja, og satt seg i kyrkjedøra og fortalde om «draumane mange» der han hadde sett både dødsriket og Paradis. Diktet er bygd opp som ein ballade, men skiljer seg frå den vanlige forma med skiftande omkved og melodi.

Det vart tidleg klart for forskarane at Draumkvedet var noko eineståande i norsk samanheng. Det har tydeleg inspirasjon frå irsk-skotske visjonar frå tidleg mellomalder, men er langt seinare enn desse. Samstundes tyder det katolske innhaldet på at det må ha blitt laga før reformasjonen fekk sitt gjennombrot i Noreg, og ut frå stilistiske trekk truleg heilt mot slutten av mellomalderen eller noko lenger ut på 1500-talet. Litteraturforskarar og kulturhistorikarar har jobba mykje med verket, og fleire komponistar og biletkunstnarar har latt seg inspirere av det.

Innhaldet

Olav hadde ein uhyggeleg ferd til dødsriket, der han passerte «håge Gjallarbrui» (eit element frå norrøn mytologi). Han fekk så sjå paradis, der Guds mor bad han om å reise til Brokksvalin der sjelene skulle få sin mellombels dom før domedagen. Namnet Brokksvalin er ikkje kjent frå andre kjelder, men ein slik stad er nemnd fleire gonger i europeiske dikt frå same mellomalderen.

Diktet skildrar ein kamp mellom dei gode og dei vonde maktene. Dei gode vart leia av «sankte såle-Mikkjel», erkeengelen Mikael, og dei vonde vart leia av «Grutte Gråskjeggje», djevelen. Dei religiøse sidene ved diktet stemmer overeins med katolsk truslære.

Olav er nemnd som Olaf Åknesonen hos Maren Ramskeid og som Olaf Håkinson eller Åkneson hos Anne Lillegaard (sjå under oppskrifter nedafor). Hos Nils Sveinungsson er han nemnd som Olav Åsteson. Ein har villet identifisere han som Olav den heilage, og sjølv om forma Åsteson berre finst i dei usikre stroftene til Nils Sveinungsson, festa dette seg som ein vanleg form i restitusjonane. Olav den heilage var son av Åsta, og dermed kunne det vere han. Men han heitte Olav Haraldsson, og eit matronym ville berre vert nytta om han var fødd utanfor ekteskap.

Oppskrifter og restitusjonar

Ein har særleg funne oppskrifter av Draumkvedet i Telemark, der Jørgen Moe og Magnus B. Landstad vart kjend med det i 1840-åra. Den første nedskrivne versjonen kom i 1842, då klokkar Nils Sveinungsson i Vinje sendte ei oppskrift med 61 strofer til Olea Crøger.

Sidan har det vorte meir enn hundre oppskrifter, dei aller fleste små fragment. Dei to viktigaste oppskriftene er dei etter Maren Ramskeid i Brunkeberg og Anne LillegaardEidsborg.

Maren Ramskeid sin oppskrift[1] vart nedskriven av Magnus B. Landstad, og er på 30 strofer. Landstad laga ein restitusjon basert på denne, med nokre strofer frå andre oppskrifter, og trykte både den og originaloppskrifta. Den skiljer seg frå andre oppskrifter mellom anna ved at ein ikkje finn gamalstev som er henta frå andre stader. Dette er den eldste formen for stev, som er kjend frå fleire tekstar frå mellomalderen. Mange av oppskriftene av Draumkvedet har slike, og det kan sjå ut til at dette er variantar med innlånt tekst frå andre verk. Ramskeid sin variant har òg den mest omfattande domen på slutten; den manglar i fleire andre versjonar. Dette er eit av dei mest tydeleg katolske elementa, og dermed truleg også tekst som har halde seg sidan mellomalderen.

Anne Lillegaard sin oppskrift[2] vart nedskriven av Olav Grasberg og Jørgen Moe. Grasberg fekk høyre 24 strofer, og Moe fekk 22. Ho hadde ein innleiande strofe, den såkalla «minstrelstrofa», der songaren presenterer seg sjølv: «Vi du meg lye e kvea kan» («Vil du høyre på meg kan eg kveda»). Ho har ikkje med domen som ein fikk hos Maren Ramskeid.

Dei siste oppskriftene vart skrivne ned av Rikard Berge i 1910-åra. Moltke Moe lagde ein restitusjon av Draumkvedet der han ved å nytte fleire oppskrifter freista å skape ein heilskap. Han viker frå Maren Ramskeid sin versjon ein del stader, mellom anna ved å setje domen før botsstrofane.

I 1927 kom Ivar Mortensson-Egnund med ein restitusjon på heile 119 strofer. Han meinte at Draumkvedet var utgangspunktet for alle nordisk balladedikting, og henta derfor fritt inn strofer som passa frå andre ballader. Denne teorien fekk liten støtte hos andre forskarar.

Det siste større arbeidet kom Magne Myhren med i 2002. Denne restitusjonen følgjer komposisjonen i Maren Ramskeid sin variant, med tillegg av strofer hente frå andre oppskrifter.

Dateringa

Det er nemnd at Draumkvedet truleg vart til mot slutten av mellomalderen eller noko lenger ut på 1500-talet. Det har vore andre teoriar òg, som må nemnast.

Jørgen Moe knytta diktet til Olav den heilage, og meinte at det var ein balladeversjon av det islandske Solarljod frå den eldre Edda. Landstad meinte at dette nok var rett, men at både Solarljod og Draumkvedet peikte attende til St. Ansgar sine visjonar.

Sophus Bugge meinte i 1854, då han berre var 21 år gamal og i starten av si karriere, at det var eit slektskap til den irske «Tundals visjon» frå 1149. Det verket hadde vorte omsett til norrønt kring 1250 som Duggals Leizla. Moltke Moe støtta seg på Bugge. Begge la merke til dei heidenske elementa, og meinte at det måtte vere frå brytningstida då kristendomen framleis ikkje heilt hadde slått rot i Noreg.

Seinare kom ein skepsis mot denne tidlege dateringa. Svenskane Strömbeck og Hildemann peikte på at sjølv om det var heidenske element, som Gjallarbrua, var dette ein tradisjon som ein finn lenge etter heidensk tid. Sjølv etter reformasjonen var det ein levande tradisjon at ein kryssa Gjallarbrua på veg til dødsriket. Dei meinte òg at minstrelstrofa frå Anne Lillegaard sin variant (sjå over) er eit seinare trekk. Dette siste er ikkje noko godt argument; den manglar i Maren Ramskeid sin versjon, og mange kvedarar ville automatisk leggje til ei slik strofe. Viktigare er at diktet er skrive i første person, noko som vart vanleg først seint i mellomalderen.

Ein annan svensk forskar, Bengt R. Jonsson, daterte det til mellom 1350 og 1550. Han arbeidde mykje med den norske balladetradisjonen, og har påvist at den truleg ikkje oppsto før på 1300-talet i Noreg. Draumkvedet må altså vere yngre enn det. Han sette så tida rundt reformasjon som sluttpunkt.

Brynjulf Alver gjekk enno lenger med å trekke diktet framover i tid, då han skreiv at det ikkje treng vere eldre enn kring 1700. Dette fekk han lite støtte for, men ein kan argumentere for at katolsk tru holdt seg lenge i Telemark, og at folk kunne ha eit klart grep om gamletrua langt inn på 1600-talet.

Det var òg dei som ville ha ein tidlegare datering. Ivar Mortensson-Egnund meinte som nemnd over at Draumkvedet var inspirasjonen for all norsk balladedikting, og derfor må det ha kome først. Han daterte det til 1100-talet, og meinte at det var abbed Runolf av Lysekloster som var forfattaren. Det finst ikkje noko haldepunkt for ein slik attribuering.

Rudolf Steiner vart òg fascinert av diktet, og han daterte det til 400-talet. Dette er ein absurd tidleg datering, som det ikkje finst nokon vitskapleg bakgrunn for.

I 1993 provoserte Georg Johannesen i boka Draumkvede 1993, der han framsatte ei tese om at diktet er frå etter 1500, mest sannsynleg etter 1540, og helst frå 1580–1620. Han opnar óg for at diktet nærast er eit falsum frå nyare tid, berre to-tre generasjonar før skriftfestinga. Dette fekk andre til å ta til motmæle, og styrka forskinga som viser at det er eit gamalt dikt. Men om det er frå mellomalderen eller om det vart til i reformasjonstida er det framleis ikkje nokon som har eit fasitsvar på.

Referansar

Litteratur og kjelder