Eikavegen (Bø i Telemark)
Eikavegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå enden av Oterholtvegen til Lifjellvegen. Han er 1,9 kilometer lang og går i jordbrukslandskap.

Eikavegen med Folkestad skule sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).
Vegen har namn etter Eikagardane og blei namnsett i 1988.
Vegnamnet uttalast Ei`kjavegen med same tonelag som «Furuvegen».
Kjelder
- Bø kommune, formannskapssak nr. 20, 1. februar 1988.
- Kartverket: norgeskart.no