Einar Tufte (1898–1972)
(Omdirigert fra «Einar Tufte (1898-1972)»)
Einar Tufte (fødd 13. oktober 1898, død 1972) kom frå Seljord. Då han var tjuge år gamal starta han Seljord Dropsfabrikk. Seinare dreiv han bakeri, landhandel og elektrisk forretning. I ein periode levde han også av å vere forfattar.
Annonse for romana Vidden Taler i Aftenposten i april 1924.
Foto: Aftenposten 10. april 1924. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
I 1924 gav Tufte ut to bøkar; «I Eventyrets spor» kom ut under navnet Varg Fjell. Den andre romana heitte «Vidden taler». I alt gav han ut fire romanar, og fleire av desse var prega av lyriske naturskildringar. I tillegg til romanane skreiv han ei rekke artiklar om bygdekunstnarane frå Telemark.
Bibliografi
- Fjeld, Varg, I eventyrets spor, 1924.
- Tufte, Einar, Vidden taler, 1924.
- Tufte, Einar, Doktor Alm, 1925.
- Tufte, Einar, Til Seljord, 1925.
- Tufte, Einar, Jonasser, 1936.
Kjelder og vidare lesning
- Sandsdalen, Halvor J., Seljord : frå Kivlemøyan til Brurebergi, Seljord : Seljord Kunstforenings forlag, 1989.
- Telemarksportalen.no.
- Einar Tufte i Historisk befolkningsregister.