Elvbåt frå Vefsn
(Omdirigert fra «Elvebåten fra Vefsn»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Elvbåt frå Vefsn er ein undertype av nordlandsbåten. Han er relativt rundstamna, smekker og rundbotna og blir tradisjonelt rodd i rolig farvatn og medstraums og staka i stri motstraum. I eldre tider har ein del av båtane gjerne vore relativt store og godt eigna for varetransport, men i seinare tid har berre lettrodde færingar vorte bygd. I nyare tid har den gamle krumstemnings-maksla vorte erstatta med ei meir spisse-prega maksel med låge, ljøroddlause stamnar med stamnrot.
Bildegalleri
- Elvbåt ved ein husvegg i Mosjøen.Foto: Tromsø Museum (1978).
- Elvbåt ved Vefsna.Foto: Håvard Dahl Bratrein / Tromsø Museum (1978).
Kjelder
- Øksendal, Kjell M.: Båtar og båtbygging i Vefsn før og no, Elverum 2003.
Lenkjer
- Foto frå Nordlandsmuseet.
- Foto frå Nordlandsmuseet.
- Jønsson, Margrethe: «En elvebåt blir til» (2016) på Vefsna.com (inkludert video)
- «Båtar og båtbygging i Vefsn» på Vefsna.com