Jan Annathon Engvig

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Engvig, Jan Annathon»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jan Annathon Engvig (fødd 5. juli 1914, død 24. desember 2002) var fotograf i Kristiansund frå 1938 til 1997.

Han var son av fotograf Johan Osvald Engvig og Anna Øverås, og vart i 1940 gift med Mary Gunvor Thoresen (1915–1997), dotter av Marie og Gunnar Thoresen. Dei fikk to døtrer og to søner. Utlært hos faren. Etter nokre år i Sør-Amerika kom han attende til Noreg i 1938, tok sveinebrev hos fotograf Christian Bøbak i Bergen, og overtok i juli same året familieføretaket (starta av farfaren i 1875) då broren Rolf Engvig omkom. Handverkarbrev 1945. Ymse tillitsverv, medaljar og diplom. I 1940 vart huset og atelieret totalskadd ved tyskarane sin bombing.

Sonen Jan Gunnar Engvig (f. 1944) tok over leiinga av føretaket. Dottera Sissel Engvig vart også fotograf, og har mellom anna arbeida i Adresseavisen. Dottera Eva Engvig Sørbø utdanna seg til retusjør, og arbeida ei tid i familieforetaket.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Jan Annathon Engvig er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!