Eva Dybdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dåpslue sydd av Eva Dybdahl.
Foto: Anne Brit Borgen.

Eva Marie Grøntoft Dybdahl (fødd 17.04.1952) Dotter av Ingeborg Marie Grøntoft og Johannes Dybdahl. Ho har svennebrev frå kjole- og draktsaum og er bunadtilverkar med tilleggsutdanning frå Høgskulen i Telemark, studiet "folkedrakt og tradisjonar".

Eva Dybdahl er allsidig innan handverket sitt, og driv systoga "Evas drakt" i Seljord. Ho brukar eige design, og har vore konsulent på og skapar av kostymer og rekvisittar til sceneproduksjonar. Ho er mykje bruka til saum- og montering av Vest-Telemark bunadar, men i hennar systoge finn vi både brudekjolar, dåpskjolar, kåper, fantasidrakter og folkedrakter.

Ho har fått utallige premiar frå Husflid- og handverksutstillinga på Dyrskun i Seljord gjennom åra. I 150-års jubileet i 2016, fekk ho 1. premie for ei jubileumsdrakt. Der ho bruka skinnet frå Telemarkskua som dekor. Knappane var spesialdesigna med graverte ku-motiv.

I eit intervju med avisa Vest-Telemark Blad seier ho fylgjande om jubileumsbunaden:

Tanken bak den spesielle bunaden var ein kombinasjon av to jubileum.

– Eg tenkte det ville vore moro å laga ei flott drakt til 150-årsjubileumet, og temaet for jubileet var ku. Så kom eg på at Telemarkskua også er 160 år i år, og då blei det fristande å kombinere desse to. Difor reiste eg bort på Nordigard Bjørge og kjøpte skinn frå telemarksku. Den har altså beita hjå naboen min, forklarer ho, medan ho peikar på detaljane på bunaden. Nokre av trekka på bunaden er henta frå Vest-Telemark-bunaden. Det meinte ho var rett og rimeleg sidan me trass alt er i Seljord. Elles har ho stort sett gjort akkurat som ho vil. Bunaden er todela, og ku-skinnet er bruka både på bunadveska og som dekor rundt om på bunaden. Det grøne ullstoffet symboliserer enga kyrne beiter på, og rosene på sylvet og på skjorta symboliserer blomsterenga. Sølja i halsen er veldig gamal, og veldig spesiell. Sølja er sjølve krona på verket. Naboen til Eva, Tone Trydal, har laga mansjettknappar og ei sølje med mønster etter ei teikning av ei telemarkskyr. Sølja skal brukast på eit sjal som snart er ferdig.</ref>


Kjelder

  • Samtaler, Seljord 2017.

Eksterne lenker