Fedje kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Fedje kirke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fedje kyrkje
Fedje kirke.jpg
Foto: Svein-Magne Tunli (2008).
Byggeår: 1941
Kirkesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedømme: Bjørgvin bispedøme
Prosti: Nordhordland prosti
Prestegjeld: Lindås prestegjeld
Fellesråd: Fedje kyrkjelege fellesråd
Sokn: Fedje sokn
Arkitekt: Ole Halvorsen
Materiale: Murstein

Fedje kyrkje er ei langkyrkje frå 1941, bygd i murstein med tak av altaskifer. Ho er soknekyrkje i Fedje sokn, og einaste kyrkje i Fedje kommune. Med 400 plassar har kyrkja rom for dei fleste som bur i kommunen. Arkitekt var Ole Halvorsen, og kyrkja vart vigsla av biskop Andreas Fleischer den 7. september 1941.

Den fyrste kyrkja på Fedje vart reist i 1659; før det hadde ein berre eit korhus eller kapell på øya. Denne kyrkja vart ståande til 1888, då ho var i dårleg stand. Mellom anna var ein redd for at tårnet skulle blåse ned. Ei ny kyrkje vart reist på same staden. Ho hadde berre plass til kring 80 personar, og kyrkjelyden så etter berre få år at ho var for lita. I 1918 byrja dei å planlegge ei ny og større kyrkje. I 1939 hadde dei endeleg fått finansiering og teikningar på plass, og gamlekyrkja vart riven. Krigen gjorde arbeidet vanskeleg, så nykyrkja stod ikkje klar før hausten 1941.

Altertavla er frå 1930, og var ei gåve fra utflytta feidjingar i Amerika, måla av Vilhelm Bjørknes. Fyrvaktar Ivar Johansen Tangen stod for snikkararbeidet. Tavla stod opphaveleg i gamlekyrkja, og vart teke med over i nykyrkja.

I 1979 vart det sett inn eit orgel med 16 stemmer frå W.E.B. Orgelbau i Dresden.

Litteratur og kjelder