Ferjesambandet Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad
(Omdirigert fra «Fergeforbindelsen Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad var eit ferjesamband mellom Storoddan i Hemne kommune, Sunde og Hemnskjel i Snillfjord kommune og Sandstad i Hitra kommune, alle i Sør-Trøndelag.
Ferjesambandet vart etablert i 1964. Ved ferdigstillinga av RV 714 vart anløpsstaden på Storoddan i 1971 flytta til Sunde, men Storoddan ferjeleie vart framleis trafikkert fram til nedlegginga i 1982. I 1984 vart ferjeleiet på Hitrasida flytta frå tettstaden Sandstad til Justenøya.
Heile ferjesambandet vart nedlagt da Hitratunnelen opna for fri ferdsel den 8. desember 1994.
Sambandet vart trafikkert av Fosen Trafikklag. Ferjene som vart bruka var MF «Hitraferja», MF «Austråt», MF «Lagatun» og MF «Ladejarl».
Lenkjer
- Sæther, Stein Arne: «Ferjene i Midt-Norge», i Adresseavisen 2.12.2004
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Fergesambandet Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |