Fet og Joranger sokn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fet og Joranger sokn er eit kyrkjesokn i Luster kommune i Indre Sogn prosti. Det femner om bygda og skulekrinsen Indre Hafslo. Fet og Joranger var opphavleg kvar sine sokner, men vart slegne saman frå 1. januar 1967 då det nye soknet vart overført frå Hafslo prestegjeld til Jostedal prestegjeld.
Soknet har to kyrkjer som før høyrde til kvart sitt sokn, Fet kyrkje og Joranger kyrkje. Både Fet og Joranger var kyrkjestader i mellomalderen.