Finn Olson Kjeppe
Hopp til navigering
Hopp til søk
Finn Olson Kjeppe (fødd kring 1660 i Luster, død kring 1706) var truleg frå Optun i Luster. Han kom til Jostedalen alt kring 1680 då han gifte seg med enkja Siri Anfinnsdotter på garden Li og vart gardbrukar og leiglending der.
Kring 1700 bytte han seg til Kreken (Kjeppe) og var gardbrukar der så lenge han levde.
Finn var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1696-1698.
Finn var gift tre gonger. Med Siri fekk han ingen born, med Anna Jetmundsdotter fekk han to og med Astrid Eriksdotter fekk han to:
- Rannei Finnsdotter (1699-1760), gift med gardbrukar Guttorm Johannesson Nigard
- Ole Finnson (1701-1750), gardbrukar på Kjervik
- Siri Finnsdotter (1703-1741), gift med gardbrukar Finn Johannesson Nigard (bror til Guttorm)
- Finn Finnson (1706-1774), husmann i Luster
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 520. (Digital utgåve, NBdigital)