Flatbygdi skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Flatbygdi skule i Vik kommune er plassert sentralt i bygda, like ved Rv 13, ca 1 km sør for Vik sentrum. Dette er den største skulen i kommunen, og den hadde i 2010 239 elevar fordelt på 1.-10.klasse, og 32 tilsette. I tillegg til elevane frå Vik, går også elevar frå Valsvik skule her frå 8.årssteg, og elevar frå Vangsnes skule frå 5.årssteg.
Skulehuset
Første del stod ferdig i 1959. Bygningsmessig spenner skulen over ein tidsepoke på 60 år, der midtbygget er eldste delen, ungdomsskulebygget med ein typisk 60-talsbygning, barneskulen frå 70-åra, idrettshallen "Blixhalli" i frå 1999, og bassenget som vart nyrenovert i 2005. Skulen har òg ballbinge og bibliotek.
Anna bruksområde
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Arne Inge Sæbø (2005). Skulesoge for Vik