Florø folkeskole
Florø folkeskole i noverande Kinn kommune vart bygd som skule i Florø krins 1934 etter 16 år utan skulehus i krinsen. Det førre skulehuset brann ned i 1918 og tunge økonomiske tider gjorde det vanskelig å få reist nytt skulehus. Då skulen endeleg stod ferdig i 1934, var det eit monumentalt bygg i byen. I 1957 vart elevane frå Havrenes krins flytta til Florø folkeskole. Folketalet steig og i 1970-åra gjekk det kring 500 elevar på skulen.
Skulen har adresse Firdavegen 2 og ligg ved sidan av det første skulehuset i krinsen.
Namnet på skulen var Florø folkeskole fram til 1980, då skifta den namn til Florø barneskole.
Skulehuset
Då skulehuset stod nytt i 1934, hadde bygginga kosta 500 0000 kroner. Det var ein stor pengesum i dei harde 30-åra. Skulen var bygd i vinkel med fire etasjer. For å spare pengar vart det satt inn 20-30 vedomnar i staden for sentral oljefyr. Dette skapte mykje arbeid for pedell Jacob Høivik. Opp med ved i fire etasjar kvar morgon og tømme oske kvar kveld.
I 1956-59 vart skulehuset påbygd både vestover og sørover og fekk då den forma den har i dag. Nordfløyen vart forlenga vestover og sørfløyen vart forlenga og påbygd ein etasje i høgda. Utvidinga førte til at gymnastikksalen fekk scene mot sør og i den gamle vedakjellaren vart det symjebasseng. Skulekjøkkenet vart flytta til den nye etasjen over gymnastikksalen.
Anna bruksområde
Skulen fungerer framleis som skule. Lenge var Florø folkeskole det største forsamlingslokalet i byen og fleire større arrangement og markeringar vart halde på skulen. Blant anna storparten av Florø by sitt 100-årsjubileum. Skulen har også husa kino og innandørs skytebane i kjellaren.
Foto
- Oppføring av Florø folkeskole 1934
- Oppføring av Florø folkeskole 1934
- Interiør gymnastikksalen i Florø folkeskole 1935, i høve 75-års jubileet til Florø by.
- Born leikar på skuleplassen 1945-1950
- Prospektkort av Florø folkeskole 1957-1959
- Prospektkort av Florø folkeskole, sett frå aust, 1957-1959
- Fest på skuleplassen 1960, i høve 100-års jubileet til Florø by.
Kjelder og litteratur
- Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Florø barneskole, historia vår (daud lenkje).