Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Felespelemannen Johannes Olson Valen (ca 1820–1909), òg kjent som «Espvik-Sanden», frå Aure på Nordmøre.
Foto: John Danielsen Bergfall (1822–1901)

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er ei stifting mellom fem partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal. Oppgåvene er:

  • å samle og bevare folkemusikk i alle uttrykksformer
  • å gjere folkemusikken tilgjengeleg for alle interesserte
  • å fremje bruken av folkemusikk
  • å samle og gjere tilgjengeleg kunnskapen om folkemusikkmiljøa, tradisjonane og tradisjonsberarane
  • å skape ny kunnskap om folkemusikk, særleg musikken i Møre og Romsdal
Arkivet samlar lydopptak av nolevande og tidlegare utøvarar av folkemusikk, skaffar til veges noteoppskrifter, biletmateriale, munnleg og skriftleg tradisjon og faglitteratur om folkemusikken i Møre og Romsdal.

Arkivet er eit viktig serviceorgan. Studentar, aktive folkemusikarar og andre interesserte kan få tilsendt lyd- og notekopiar for studieføremål, eller få rettleiing og hjelp til oppgåver. Leiinga ved arkivet set i gang tiltak for å fremje interessa for folkemusikk gjennom foredrag, musikkinnslag, seminar m.m.

Arkivet har kontor ved Høgskulen i Volda. Jon Tvinnereim er leiar for styret i 2014.

Kjelde