Gjeilelie støl (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Geilolia støl (Ustaoset)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°30′09″ N 8°1′40″ Ø


Restar etter Gjeilelie støl på Ustaoset.
Foto: Gro Vindegg (2012).

Stølen Gjeilelie låg på Ustaoset i Hol kommune. Den er fyrst nemnt i eit skøyte frå 1771, då Eirik Knutson Verpe, Ustedalen, selde stølen Gjeilelie til Ola Hermoson søre Slettemoen i Moen. Ola må ha seld han vidare til Lars Asleson Vindegg (synste søre Kaupang, Kvisla), for ved skiftet etter Lars i 1779, var Gjeilelie lista opp mellom stølane som høyrde til garden.[1] I 1772 følgde ein Gjeilelistøl garden nedre nordre Geilo då hovudbølet vart delt. Ola Knutson Geilo selde denne stølen eller stølsdelen til svogeren Lars Olson nedre Geilo ved skøyte i 1808. Truleg hadde Ola likevel att ein halvdel av han, for i 1809 ga han skøyte på stølen med febeite til Ola Olson nordre søre Kaupang. Gjeilelie har sidan følgd søre Kaupang-gardane, som i 1863 vart slegne saman og kalla Vindegg. Stølen vart nedlagt kring 1905.[2] I dag (2012) kan ein sjå ruinane etter ei steinbu i Gjeilelie.

Sjå også

Oversyn over setrer på Ustaoset.

Fotnotar

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3, 6 og 7.