Gjevarvatn (veg i Seljord og Vinje)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gjevarvatn er ein bomveg som går nordover frå enden av Langlimvegen i grenda Langlim i Seljord kommune. Ved Leitestjønn dreier han vestover og går mellom denne og Valetjønn, kryssar Stubbåi og fortsett langsetter heile Gjevarvatn på nordsida. Etter å ha passert vatnet, kryssar vegen kommunegrensa mot Vinje og endar i vegen Drivarbekkdalen (fylkesveg 3422) ved Haugtjønn i Drivarbekkdalen. Vegens hovudløp er 10,6 km langt og har fleire til dels lange forgreiningar i austre del.
Vegen har namn etter Gjevarvatn og vart namnsett i 2005. Vatnet dekker eit areal på 2,2 km² og er 5 kilometer langt.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bakken, Olav: Langlim - Topografi. Frå LANGLIM - Ei bygd med segn og soger. Eige forlag 1973.