Gneisvegen (Kviteseid)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Parti frå Gneisvegen.
Foto: Roy Olsen (2022).
Gneisvegen i Vrådal i Kviteseid kommune går frå Granittvegen i Vrådal hyttegrend, i nordaustleg retning til Honlivegen. Han er drygt 1,2 kilometer lang. Det er også ei nordgåande grein som endar nær Lisleå.
Vegen har namn etter bergarten Gneis og vart namnsett i 2016. Dei fire vegane i feltet har namn etter bergartar. Om namnevalet skriv Kviteseid kommune:
- I mangel av klare alternativ basert på lokal namnetradisjon i området, har utvalet vald å fylgje ønskja frå utbyggar, m.a. vil han unngå namn med æ, ø og å.
Kilder
- Statens vegvesen: Gneisvegen
- Kviteseid kommunestyre, sak 071/16, 20.10.16 (PDF)