Grane (Grane)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Grane (gnr. 48),[1] òg kjend som Granegarden, er ein matrikkelgard og hovudgarden i Grane. Garden nemnest fyrste gongen i samband med skuldsetjinga i 1661. Det kjem då fram at garden var nyrudd, så rydjinga fann stad truleg i byrjinga på 1650-åra. Fyrste kjende brukaren var Annfinn Jonsson, som etter segna var frå Jemtland. Det var Granegarden som gav namn til Grane kommune, som i 1927 vart utskild frå Vefsn kommune.
Sjå òg
Litteratur
- Jacobsen, Kjell (1990): Gardshistorie for Grane Grane Sida 382 og vidare.
Fotnotar
- ↑ Grane kommune deler matrikkelnummerering med Vefsn kommune, som kommunen tidlegare var del av.