Gudbrandsdalslaget (USA)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bautastein ved Lom stavkyrkje, reist av Gudbrandsdalslaget i 1921 i samband med tusenårsfeiringa av kristninga av dalen.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009)

Gudbrandsdalslaget i USA vart skipa 12. september 1909 av utvandrarar frå Gudbrandsdalen. Føremålet med laget var å vedlikehalde banda til heimbygdene i Noreg og samstundes vere ein møteplass for utvandrarane.

Mellom stiftarane var presten Lars P. Thorkveen (1856-1923) frå Lom, som reiste åt Amerika i 1880. Thorkveen redigerte årboka for laget og tok fleire initiativ til å halde oppe kontakten med heimlandet: markeringa av 300-årsjubileet for trefninga i Kringen i 1612, grunnlovsjubileet i 1914 og særleg markeringa av 900-årsjubileet for kristninga av dalen ved helgenkongen, Olav Haraldsson, i 1921 da dei gav ein bauta som vart oppsett ved Lom stavkyrkje. Thorkveen og Gudbrandsdalslaget var òg med på stiftinga av Bygdelagenes Fællesraad i 1916.

Gudbrandsdalslaget er framleis i aktivitet og møter kvart år i august Trønderlaget og Utvandrerlaget for Nord-Hedmark og Hedmark til det såkalla Tre Lag Stevne. I 2013 er stevnet i Oconomowoc, Wisconsin. Skriftet til laget heiter Gudbrandsdalslaget brev.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!