Guddal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Guddal krins er ein skulekrins i Fjaler kommune.

Skulehus

Gamle Guddal skule

I 1895 kan vi lese at 18 av dei 20 krinsane i Ytre Holmedals Skolekommune hadde «egne, for det meste nybygged Lokaler. [...] SamtligeSkolehuse er indrettede med kun 1 Klasseværelse; paa ét nær er de forsynede med Lærerkammer. Man har overalt bygget Skolestuen som Spærrestue, med aabent Loft og Glasljore, da disse Stuer ikke bare er billigere at bygge enn Lemstuer, men ogsaa luftigere og lettere at ventilere. Som Regel er anbragt to større Vinduer i den ene Ram». Det gamle skulehuset i Guddal hadde ei grunnflate på 32,3 kvadratmeter og hadde plass til 23 elevar.

Gamleskulen stod opphavleg på Øyra, men vart i 1958 flytta til Sunnfjord Museum. Bygningen er ei sperrestove med to betar (bjelkar) og ljore, bygt like etter 1890. Det fyrste skuleåret i denne stova var 1893/94. Før den tida hadde skulen rom i stova på same garden, Guddal eller Øyra.

Det gamle inventaret var bytt ut då museet fekk overta skulehuset, men dei fekk nokre gamle bord og stolar frå Heggheim krins, inst i Guddal.

Guddal skule

Det vart bygd nytt skulehus i Guddal, på bruk nummer 8, 9 og 10, skilt ut frå garden Engen. Dette er ca 1 km frå der den gamle skulen stod. Guddal skule har i fleire år vore trua med nedlegging, men den har ikkje vorte lagt ned.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Beretning om Folkeskolenes Virksomhed i Ytre Holmedals Skolekommune i Femaaret 1891-95. Kristiania. A.W. Brøggers Bogtrykkeri. 1895

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.24571° N 5.53449° Ø