Gunnar Berg (1863–1893)
Gunnar Berg (1863–1893) var kjent som ein av lofotmålarane. Han vart fødd i 1863 i Svolvær i Lofoten som son av væreigar Lars Todal Walnum Berg (1830–1901) og Louise Johnsen (1841–1921) og vaks opp der. Berg var opprinneleg etla for handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdanninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 1883–1885 studerte han målarkunst i Düsseldorf. Etter studia reiste Berg heim til Lofoten der han med hjelp frå foreldra bygde seg eit atelier på Svinøya i Svolvær. Atelieret er modernisert og bevart.
Gunnar Berg pendla mellom Tyskland og Lofoten. Om somrane i Lofoten hadde han eit eige lag med tilreisande. Han både selde kunsten og gav gjestene ei oppleving av staden, landsdelen og kunsten.
I 1893 fekk han kreft og laut amputere det eine beinet. Likevel reiste han til Berlin, der han dødde same vinteren. Gunnar Berg vart gravlagt i gravkapellet til familien på Gunnarholmen i Svolvær. Der vart reist ei byste av honom i 1994.
Gunnar Berg blir i dag rekna som den største målaren frå Nord-Noreg og som ein av dei viktigaste i Noreg innanfor sin genre. Blant dei viktigaste måleria hans må nemnast Fra Svolvær havn og Trollfjordslaget; — det siste viser ein faktisk kampepisode frå Lofotfisket 1890.
Hanv ar også amatørfotograf og tok ei rekke fotografi frå Nord-Noreg frå omkring 1880 til 1893, truleg for å samle skisser til seinare arbeid i utlandet. Ein del av hans glassplater er teke vare på av John Berg i L. Bergs Sønner A/S, Svolvær.
Lenkjer
- svinoya.no Galleri Gunnar Berg
- Lofoten @rt on the www
Litteratur
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Gunnar Berg på Digitalt museum.
- Gunnar Berg på KulturNav
- Gunnar Berg på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Jens Andvig, «Lofotfisket og Gunnar Berg og Kaare Espolin Johnson». I: Skolp : årsskrift for Vågan historielag, 1984
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Gerd Røsand Bremnes, «Maleren Gunnar Berg - et hundreårs minne ». I: Årbok for Vågan, 1993
- Holst, Erling. «Gunnar Berg, Lofotens maler». I: Kunst og kultur, 1963
- Per Posti, Trollfjordslaget, myter og virkelighet. Svolvær: Montanus forlag, 2001 (1. utg: Tromsø, 1991)
- Per Posti, «Lofoten i billedkunsten fram til 1920-årene». I: Ottar, nr 3, 2000
- Per Posti, Gunnar Berg 1863-1893, minneutstilling 1993. Tromsø Kunstforening, 1993 (Utstillingskatalog
- Smaaskjær, Svein: Lofotbilder I, Vågan 1867 - 1910
- Gunnar Berg i Historisk befolkningsregister.