Gåsefetvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gåsefetvegen på Gvarv i Midt-Telemark kommune går vestover i Gåsefet bustadområde frå Hørtevegen til Tangenvegen og er om lag 230 meter lang.
Vegen har namn etter plassen Gåsefet under Lindheim og blei namnsett i 1999. Busetnaden består av 14 bustadhus, dei fleste sett opp på 1970-talet.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Birger Kirkeby: Bygdebok for Sauherad, gards- og ættesoge 4. Sauherad kommune, 1988.