Hærens Overkommando

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hærens overkommando»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hærens Overkommando (HOK) hadde ved krigsutbrotet i 1940 kontorar på Akershus. Mellom kl. 05.00 og 06.00 den 9. april flytta staben først til Slemdal hotell og deretter til Eidsvoll landsgymnas der dei frå ca. kl. 11.00 kunne organisere seg for å leie krigen. Om kvelden same dag flytta så HOK vidare til Rena og var etablert der da generalmajor Otto Ruge vart utnemnt til kommanderande general 11. april.

Ruge fann det meir føremålstenleg å leie krigen frå Gudbrandsdalen, og beordra HOK flytta til Øyer same dag. Det var tidlegare ikkje noka felles leiing for Forsvaret som kunne koordinere verksemda i utanriks- og forsvarsdepartementet, generalstaben (hæren), admiralstaben (marinen) og allierte styrkar i krise og krig. HOK overtok etter kvart denne funksjonen.

Kommanderande admiral stilte seg og Marinens Overkommando under HOKs kommando, men det fekk mindre betydning fordi det knapt fanst samband til dei attverande fartøya.

Generalløytnant Otto Ruge.

HOK fekk òg tilført militære britiske og franske kontaktoffiserar og direkte radiosamband til London, noko som letta koordineringa av operasjonane.

23. april evakuerte HOK frå Øyer og 28. april frå Brennhaugen på Dovre til Lesja og Nordmøre. Om kvelden 1. mai reiste så Ruge med stab nordover frå Molde med eit britiske marinefartøy. Dei kom fram til Tromsø 3. mai kl 11.00.

Etter at konge, regjering og overkommando hadde flytta til Tromsø vart leiinga av operasjonane koordinert under Forsvarets Overkommando, etablert ved kongeleg resolusjon 18. mai 1940.

Kjelde

  • Hobson, Rolf og Tom Kristiansen 2001: Norsk forsvarshistorie 1905-1940. Eide, s. 263.
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Bind I. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag, s. 33, 86 og 127ff..
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Bind II. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag, s. 167, 218, 278.