Hómentashn (jiddisch) eller Orejas de Hamán (djudeospanyol) er ein sort småkaker med valmue- eller fruktfyll som tradisjonelt blir etne på purím. Det jiddische namnet hómentashn kjem opprinneleg av móntashn, der món er jiddisch for valmuefrø. Så har dette sekundært vorte sett i samband med Haman i Esters bok. I noverande jiddisch tradisjon blir hómentashn assosiert med ein tradisjon om at Hamán skal ha hatt ein trekanta hatt, i moderne tid tolka som trikorn. Det jødespanske namnet orejas de Hamán tyder øra til Hamán, og dette namnet har vorte omsett til moderne hebraiskozné Hamán, som er det vanlege namnet i Israel i dag.