Handelskompaniet (Sykkylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Handelskompaniet AS er eit sals- og servicefirma med base i Sykkylven. Firmaet vart skipa av Gustav og Martin Tandstad i 1971, og hadde dei første åra kontor og utstilling i Straumgjerde. Firmaet har samarbeidd med fleire importørar og produsentar, og har utført mykje tilpassing og utvikling av utstyr som ikkje er brukt før her i landet. Døme på dette er elektrostatisk lakkering av treverk og komplett lakkavdeling med automatisk transport av delar.

Av anna utstyr firmaet har levert til industrien kan nemnast tørke- og herdeomnar, trykkluftutstyr og vernemateriell. Firmaet har også hatt ei eiga engros-avdelinga med maskinar og kjemikalier for rensing av møblar og teppe.

Største kundegruppene til Handelskompaniet har vore innan møbel- og trevareindustrien og mekanisk industri.

Ei tid hadde firmaet også ei eiga avdeling for utvikling og sal av luftfuktarar til butikkar og industri. Avdelinga hadde namnet Frutek.

Handelskompaniet var i mange år tett knytta til møbelindustrien og merka nedgangstidene som råka bransjen frå 2008 og framover. Ein lukkast eit stykke på veg med å reorientere seg mot andre bransjar. Firmaet måtte likevel gjennom ei omorganisering og nedbemanning i 2014, men har halde oppe kjerneverksemda som dei siste åra har vore sal og montering av lakkanlegg og luftkondisjonering.

Dei siste åra har Handelskompaniet halde til i industribygget på Ikornnes som Konrad Gjerde førte opp i 1969. Leiarar og hovudaksjonærar i selskapet har dei siste åra har vore Jarle Strømmegjerde og Svein Atle Tandstad.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.