Hans Aanrud
Hans Aanrud (fødd 3. september 1863 i Vestre Gausdal (no Gausdal kommune), død 11. januar 1953 i Lyngdal) var forfattar.
Han studerte jus og filosofi, men fullførde ikkje noko studium. Sitt rette emneområde som forfattar fann han da han gav ut forteljinga Hvorledes Vorherre fik høet til Asmund Bergemellem (1888). Han gav ut forteljingar av nokolunde same typen i Fortællinger (1891), Fra Svipop til Venaasen (1892) og andre samlingar. Aanrud er realist, fortel enkelt og ofte med humor om vanlege bygdefolk. I stilen har han drag frå folkeeventyret, stundom i personteikninga òg. I nokre av forteljingane er stemninga mørk, til og med uhyggjeleg, som i Vinternatt. Minne frå hans eiga barndomstid er grunnlaget for dei fine idyllane Sidsel Sidsærk (1903) og Sølve Solfeng (1910).
Frå 1910 til 1913 var han leiar i Den norske Forfatterforening.
På Rødtvet i Oslo, i bydel Grorud, ligger Hans Aanruds vei, samt veiene Furér Nymos vei og Sidsel Sidsærks vei, som har navn etter skikkelser i Aanruds forfatterskap.
Kjelder og litteratur
- Dale, Johs. A.: artikkel i Norsk allkunnebok band X. Oslo 1966.
- Elster, Kristian: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind I. Oslo 1923.
- Engen, Arnfinn: Hans Aanrud i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 11. oktober 2022
- Hans Aanrud i Historisk befolkningsregister
|