Hauglandvegen (Bø i Telemark)
Hauglandvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nordvestover frå Mannebruvegen til tre av Hauglandgardane og er om lag 575 meter lang.
Hauglandvegen sett nordvestover mot Hauglandberga.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen fekk namn etter Hauglandgardane i 1996. Fire einebustader høyrer også til vegen.
I enden av vegen, på sørsida av Hauglandberga, ligg Nistugu Haugland. Der held Hauglands gartneri til.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no