Hellåsen (veg i Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Hell%C3%A5sen-1.jpg&width=400)
Hellåsen sett nordøstover mot Steintjønnvegen. Folkestad barnehage til høgre.
Foto: Roy Olsen (2017).
Hellåsen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går sørover frå Steintjønnvegen i bustadfeltet Folkestad A. Han er 234 meter lang.
Hellåsen er eit lokalitetsnamn i området, og vegen blei namnsett i 1981.
Busetnaden består av åtte einebustader, nr. 2, Folkestad barnehage og nr. 20/22 og 24/26 som er Studentsamskipnadens to studenthus med 16 toroms leilegheiter.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge