Helletun (Jostedalen)
Helletun (Luster, gnr. 207/4) er eit gardsbruk i Krundalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Hellegård. Helletun sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.
| Helletun | |
|---|---|
| Heljegarden og Helletun (kvit stove), mot vest med Bergsetbreen i bakgrunnen | |
| Rydda: | ca 1909 |
| Stad: | Jostedalen |
| Sokn: | Jostedalen |
| Fylke: | Vestland |
| Kommune: | Luster |
| Gnr.: | 207 |
| Bnr: | 4 |
Helletun ligg ca 100 meter vest for tunet til Hellegård og grensar i vest mot Kruna. Bruket vart utskild frå bnr. 1 ved delingsforretning 18.6.1909, og gardshusa vart sette opp på same tida.
Det kommunale byggjefeltet Haugåsen vart fråskild utmarka til Helletun i 1981.
Kjelder og litteratur
- «Helletun» i folketeljinga 1910 (Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 791-792. (Digital utgåve, NBdigital)