Herbjørn Svalestuen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Herbjørn Svalestuen (fødd 1867, død 1952) var ein av dei viktigaste samfunnsbyggjarane og lokale strategane i Tinn kommune på slutten av 1800- og første halvleik av 1900-talet. Svalestuen var ein drivande næringslivsmann i kommunen og ein sentral aktør innanfor eit breitt spekter av offentleg verksemd. Svalestuen var landhandlar i bygda i ei årrekkje, og han engasjerte seg i dampskipsdrift på Tinnsjøen, i sparebankverksemd, telefonselskap og andre samferdsletiltak. Han sat i kommunestyret i Tinn i fleire periodar og hadde mange viktige offentlege verv. I 1928 fekk han Kongens fortenestemedalje i sølv.

Landhandelen på Sigurdsrud

Herbjørn Svalestuen vart fødd den 26.september 1867. Foreldra var Østen (Øystein) Hansen Svalestuen og Birgit Olsdatter. Herbjørn vaks opp på garden Svalestuen (gnr. 23, bnr. 1) i Austbygde sokn i Tinn. Da den eldre broren Østen Østensen Svalestuen saman med lensmann Ole Gjermundsen Bakke tok over Tinn forbruksforening i 1884, byrja Herbjørn å arbeide i forretninga, som endra namn til Østen Svalestuen & Co. Forretninga låg på garden Sigurdsrud som på slutten av 1800-talet var eit senter for handel og kommunikasjon i Tinn. I 1899 gifta han seg med Torbjørg Olsdatter Bakke, som var dotter til lensmann Bakke, den andre luteigaren. Same år kjøpte Herbjørn svigerfaren sin part i landhandleriet, og deretter dreiv han og broren det saman til 1936, da broren Østen døydde. Frå 1936 var Herbjørn aleine om drifta fram til 1947, da Øystein Bilstad tok over verksemda og dreiv vidare fram til 1962, då landhandelen vart nedlagt.

Andre næringslivsinteresser

Omkring hundreårsskiftet 1900 engasjerte Herbjørn Svalestuen seg på breitt grunnlag i bygda sitt næringsliv. År 1900 blei han formann i direksjonen for A/S Interessentskapet for Dampskibsfart paa Tindsø (seinare D/S Gausta og Tinn AS), eit ombod han hadde heilt fram til selskapet vart nedlagt i 1938 og fusjonert med Tinn Billag AS året etter. I 1901 var han med å starte opp Tinn Telefonselskap, seinare fungerte han som selskapet sin kasserar. Frå 1911 vart han formann i forstandarskapet i Tinn Sparebank, ein posisjon han hadde fram til 1942.

Engasjement i offentleg og kommunal verksemd

Parallelt med sine mange næringslivsoppgåver engasjerte Svalestuen seg tidleg i kulturliv og politikk. I 1893 tok han initiativet til å starte Atrå songkor, som han også dirigerte i mange år. Same år var han med å stifte Tinn Skilag. Han var også i mange år formann i styret for Atrå folkeboksamling. Og da Bladet Rjukan blei starta opp i 1914, var Svalestuen nærast sjølvskriven som medlem av styret. Frå og med 1916 var han medlem av heradstyret i Tinn og sat i formannskapet frå 1935. Svalestuen representerte partiet Venstre. I dei mange åra Svalestuen sat i heradstyret hadde han også andre tunge politiske verv; han var medlem av finansutvalet i Tinn i 12 år, like lenge var han medlem av skolestyret. Vidare var han medlem av likningskommisjonen og overformynderiet. På 70-årdagen i 1937 vart han omtalt slik i Rjukan Dagblad:

… I løpet av sit lange virke i hjembygden, er han så å si blitt et av dens faste holdepunkter, mannen med det kloke omdømme og rike erfaring som titt og ofte har vært god å ty til. Han er av den seige, utholdende type, som aldri «flyr op», men overveier og tenker nøie over tingene. Hans argumenter har derfor alltid vekt, og blir lyttet til. Som finansmann har han vist stor dyktighet, en dyktighet som også er kommet kommunen til nytte gjennom det lange og opofrende arbeide han har ydet for den…

Litteratur

  • Einung, H.H.: Tinn soga, band I, Rjukan 1926.
  • Hegna, Hallvard: Song i 100 år, Attrå songkor 1893-1993.
  • Rjukan Dagblad, 25. september 1937.
  • Tverberg, John: Byen Sigurdsrud, Tinn i Telemark, Telemark Trykk AS, Notodden 2007.