Hesby kyrkje
| Hesby kyrkje | |
|---|---|
| Stad: | Finnøy |
| Byggeår: | 1200-talet |
| Endringar: | Våpenhus bygd 1870, sakristi 1960 |
| Kyrkjegard: | Hesby kyrkjegard |
| Kyrkjesamfunn: | Til 1537: Den katolske kyrkja Frå 1537: Den norske kyrkja |
| Bispedøme: | Stavanger |
| Prosti: | Søre Ryfylke |
| Prestegjeld: | Finnøy |
| Fellesråd: | Finnøy |
| Sokn: | Hesby |
| Teknikk: | Mur |
| Materiale: | Stein |
| Preikestol: | 1623. Av Lauritz snekker, måla av Peter Reimers. |
| Altar: | Frå mellomalderen, kleberstein med relikviegøyme. |
| Sitteplassar: | 230 |
| Anna informasjon: | Glasmåleri av Frøydis Haavardsholm. |
Hesby kyrkje er ei langkyrkje i stein frå 1200-talet. Ho var hovudkyrkje i Finnøy prestegjeld frå mellomalderen av, og er framleis soknekyrkje i Hesby sokn.
Kyrkja blei truleg reist på midten av 1200-talet. Første gong ho er nemnd er i et diplom frå 1309. Steinveggane i kyrkje er metertjukke. Vindauga har gotiske boger, men det ser ut til at desse kan vere sett til seinare, og at dei opphavleg var rektangulære. Det har vore eit tårn i vest, men dette blei reve omkring 1800.
Hovudportalen var opphavleg i sør. I 1871 blei han flytta til vest i samband med at eit nytt våpenhus blei sett opp. Sakristiet blei bygd i 1960, då arkitekt Valdemar Scheel Hansteen også gjorde ein del endringar i interiøret.
Alteret i kleberstein er frå mellomalderen, og har eit tomt relikviegøyme. Døypefonten av tre er av nyare dato, men restar av ein romansk døypefont er tekne vare på.